Hopp til innhold

Campingplass ville nekte polske gjestar å kome under fotballkamp: – Det kom skeivt ut

Polske supportarar er utestengde frå europaligakampen mellom Molde og Legia Warsawa. Då polske gjestar ville booke overnatting på campingplass fekk dei beskjed om å avbestille.

8sy7Wfa_ez4

Aker Stadion i Molde kjem 15. februar til å vere tom for Legia Warsawa-tilhengarar. Dei vert i alle fall langt færre enn vanleg.

Foto: Fredrik Hagen

Dawid Zwirecki blei overraska då han på sosiale medium oppdaga at polske gjestar har fått melding frå Kviltorp camping i Molde om at dei ikkje kan overnatte der.

– At dei ikkje kan sjå fotballkampen bør ikkje påverke dei som vil bestille overnatting i Molde. Visst nokon vil køyre til Molde er det deira avgjerd, seier Zwirecki.

Han er frå Polen, men har blitt norsk statsborgar etter 12 år i landet.

Dawid Zwirecki på Molde-kamp med Molde-skjerf og -hue. På bana bak driv laget og varmar opp.

Dawid Zwirecki er ein av dei polske som skal på Moldekamp. I fjor hadde han sesongkort og såg mange av kampane.

Foto: Privat

Kamp utan bortesupportarar

Torsdag 15. febuar skal Legia Warszawa møte Molde på heimebane. Kampen blir spelt utan bortesupportarar.

UEFA har nemleg bestemt at det polske laget ikkje får ha bortesupportarar i fem kampar i Europaligaen på grunn av valdelege opptøyar før ein Aston Villa-kamp.

Både politifolk og supportarar blei skadde i opptøyane.

Legia Warszawa sine tilhengarar er berykta for å lage trøbbel. Då laget besøkte Molde for over ti år sidan, var også spenninga høg.

RBK-Legia Warszawa

Då Legia Warszawa besøkte Lerkendal i 2012, smugla tilhengarar med seg bluss og sette fyr på delar av tribunen.

Foto: Alley, Ned / NTB scanpix

– Det kom skeivt ut

Christian Nakken jobbar ved Kviltorp camping og seier det heile var ei misforståing.

– Det var ei uheldig melding til nokre polske gjestar. Det kom skeivt ut, seier Nakken.

Han understrekar at polske gjestar utgjer ei stor kundegruppe i løpet av året og at dei har berre lovord om både dei som kjem som turistar og dei som kjem for å jobbe.

Campinga har vore i kontakt med politiet som har åtvara dei mot at det kan kome polske supportarar, som er utestengt frå kampen.

– Alle polske gjestar er velkomne. Vi har ingen grunn til å nekte dei besøk, seier Nakken.

Ei melding sendt frå ein campingplass i Molde til polske besøkande. I meldinga står der at dei ikkje får booke overnatting, og dei vert bedne om å kansellere opphaldet sitt.

Denne meldinga vart sendt til polske statsborgarar som hadde bestilt overnatting på campingplassen i Molde.

Foto: Skjermdump

Har tatt grep

Hans Kristian lundgren i Møre og Romsdal politidistrikt seier at dei ikkje har sett nokon grenser for overnattingsplassane i samband med kampen. Sjølv om polske supportarar er utestengt frå kampen, har politiet budd seg på at dei kan dukke opp likevel.

Kva grep dei har tatt, vil han ikkje ut med.

– Det vanskelege er at UEFA seier jo ikkje nei til polske som heier på Molde, men dei seier nei til dei som heiar på Legia. Så kven er kven? seier Lundgren.

Molde-tilhengar Zwirecki trur likevel nokre Legia Warszawa-supportarar kjem til å prøve å komme seg inn på kampen. Sjølv er han uansett ikkje i tvil om kva skjerf han kjem til å ha om halsen.

– Eg heiar sjølvsagt på Molde.

Les også Kastet knallskudd etter fotograf før toppkamp

RBK supportere kaster bluss eller knallskudd mot NRK-fotograf

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL