Hopp til innhold

Dødballtrening gav effekt: – Babacar er eit monster i lufta

MOLDE (NRK): Det blei ingen målfest på Aker Stadion, men etter ein halvtime steig Babacar Sarr til vers og dunka inn sitt første Molde-mål. Det blei også det einaste målet i kampen.

Eliteserien fotball 2017, Molde - Haugesund.

MATCHVINNAR: Babacar Sarr scora det einaste målet i oppgjeret. Med det braut han ein negativ trend mot Haugesund, og fekk sitt første mål sidan han signerte for Molde i 2016.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix

Laster innhold, vennligst vent..

– Det er ein god følelse. Eg brukte å score litt då eg var i Sogndal også, så det er godt å bli matchvinnar med mitt første mål for Molde, seier Babacar Sarr.

Målet til Sarr var også med på å bryte Molde sin dårlege heimebanestatistikk mot Haugesund. Dei siste fire kampane hadde Haugesund tatt 10 av 12 moglege poeng i Molde.

No innrømmer målscoraren at sølvet er innan rekkevidd.

– Eg trur vi kan ta sølvet, men vi kan ikkje slappe av. Vi må vere enda meir fokusert inn mot neste kamp, konkluderer matchvinnaren.

Eliteserien fotball 2017, Molde - Haugesund.

FØRSTE MÅL: Babacar Sarr feirar sitt første Molde-mål saman med Mattias Moström og Fredrik Aursnes som tok corneren i forkant av målet.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix

– Har trent på dødball

Ole Gunnar Solskjær var ikkje heilt fornøgd med det han såg på bana i dag. Molde-manageren understrekar at dei aller helst vil vinne med større margin.

– Vi er ikkje fantastisk gode, men vi har tre, fire kjempefine angrep.

Eliteserien fotball 2017, Molde - Haugesund.

FORNØGD: Ole Gunnar Solskjær seier at han gjerne skulle sett fleire mål på Aker Stadion i dag, men er fornøgd med at Babacar Sarr fekk sitt første mål i Molde-trøya.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix

Det var heller ikkje tilfeldig at målet kom på dødball. Solskjær har vore bevisst på å utnytte luftstyrken til Babacar Sarr.

– Det var ein bra serve frå Aursnes og Babacar er jo eit monster i lufta, det veit vi. Vi har øvd på det i det siste og blitt farlegare på dødball, seier Solskjær.

Solskjær er likevel ikkje klar for å snakke om medaljar.

– Vi har Sarpsborg 08 i siste kamp, så det oppgjeret kan bli avgjerande for kven som tar sølvet, seier Solskjær.

Eliteserien fotball 2017, Molde - Haugesund.
Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix

Laster innhold, vennligst vent..