Hopp til innhold

Molde - Vålerenga 6-3

Det stod 2-2 etter full tid. Men ekstraomgangane gav 5 mål til. Molde er i finale etter 6-3 mot Vålerenga.

Makthar Thioune

LÅG NEDE, MEN SLO TILBAKE: Makthar Thioune og Molde låg under til pause, men gav seg ikkje før dei hadde seks mål mot Vålerenga.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / Scanpix

- Jaaaaa! Det var svaret til Kjell Jonevret då han vart spurt om korleis det kjens etter kampen.

Semifinalen enda med 6-3, og Jonevret var godt nøgd med kampen. No blir det cupfinale for MFK.

Målrike ekstraomgangar

Makthar Thioune og Mattias Mostrøm fastsette resultatet i andre ekstraomgang. Fyrst etter 9 mål sette domaren strek på Aker stadion onsdag kveld.

Makthar Thioune auka til 4-2 like før slutten av fyrste ekstraomgang. I fyrste minutt i ekstraomgangen skåra Pape Pate Diouf sitt andre for dagen.

Vålerenga leia til pause i semifinalen, men tre mål i andre omgang førte til ekstraomgangar i Molde.

Spanande andre omgang

Dei tre måla kom i rask rekkjefølgje i andre omgang. Etter 77 minutt var det ein omdiskutert situasjon som førte til at Anders Nordvik fekk raudt kort. Molde fekk straffe, og Magne Hoseth utlikna til 1-1 for Molde.

Berre få minutt seinare gjekk Vålerenga opp til 1-2 då Mohammed Abdellaoue skåra for gjestane. I det høljande regnveret på Aker stadion tok det berre to minutt før heimelaget utlikna igjen.

Då var det Pape Pate Diouf som skåra for Molde. Dei siste minutta i kampen viste begge laga kor mykje dei vil til finalen i november, men ingen fekk avgjort kampen. Dermed vart det ekstraomgangar i Molde.

Fyrste omgang

Molde har vore farleg frampå mange gongar dei fyrste 45 minutta på Aker Stadion. Men det har ikkje gått heilt heim.

Det var gjestane som fyrst fekk hol på byllen. Harmeet Singh fekk inn eit skot frå 30 meter på overtid. Dermed var gjestane i leiinga då laga gjekk i garderoben.

Skiftande ver, høg temperatur

Kampen har vore prega av at begge laga har veldig lyst til Ullevaal i november. Det har vore høg temperatur på tribunen der Klanen kjempa mot Tornekrattet. Til tider har det også på banen vore høg temperatur og harde duellar.

Før Molde - Vålerenga i semifinalen

SEMIFINALE I GRÅVER: Trass i regn og grått ver strøymde folk til kampen onsdag kveld.

Foto: Åge André Breivik / NRK

Veret letta opp då kampen starta klokka 19, men det gjekk fort over. Då ein halvtime var spelt var regnet tilbake.

Fleire sjansar

Molde hadde fleire store moglegheiter gjennom omgangen, mellom anna frå skotfoten til Knut Olav RIndarøy.

Tornekrattet-leiar Eva Brit Mauseth trudde før kampen det skulle ende med 2-1.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL