Hopp til innhold

- Håper på heimesiger

- Her trur folk på heimesiger, seier Eva-Brit Mauseth. Leiaren i Tornekrattet varma opp på pub med andre supporterar.

Eva Brit Mauseth

OPTIMIST: Eva Brit Mauseth vil til Oslo og cupfinale andre helga i november.

Foto: Åge André Breivik / NRK

- Det er veldig god stemning her. Folk har store forventningar. Me nordmenn legg veldig mykje i cupen, seier Mauseth.

Ho håper på ein siger mot laget Molde har tapt mot to gongar tidlegare denne sesongen.

- Spelarane bør vere revansjelystne før denne kampen, meiner ho.

- Eg trur og håper at trenarteamet har knekka Vålerenga sin taktiske kode. Det har jo dei greidd med oss tidlegare i år, seier ho.

- Går Molde sin veg

På ferja frå Vestnes til Molde var det også mange som ville på Aker Stadion for å sjå om MFK kunne kjempe seg til Ullevaal.

Stig Rune Brunvoll

HÅPER OG TRUR: Stig Rune Brunvoll trur på heimesiger.

Foto: Åge André Breivik / NRK

- Eg håper og trur det skal gå Molde sin veg. Eg har ei lita kjensle som seier 2-1, men eg veit ikkje, seier Stig Rune Brunvoll frå Vestnes.

- Eg er alltid usikker. Men magekjensla seier det blir Moldesiger, trass i at dei kjem frå ein dårleg kamp mot Tromsø, seier han.

Semifinalane kan ende med at to lag frå Møre og Romsdal kjem til finalen. Det meiner Brunvoll blir bra.

- Det blir kjempeshow. Då skal me snu Oslo fullstendig på hovudet. Og sjansen er der, fortel han.

- Håper på lokalfinale

Arnhild Gjerde

TRUR PÅ 3-0: Arnhild Gjerde frå Tomrefjord trur Molde vinn 3-0 mot Vålerenga.

Foto: Åge André Breivik / NRK

Det meiner også Arnhild Gjerde frå Tomrefjord ein flott finale, trass i at ho sjølv ikkje har moglegheit til å reise dit.

- Eg håper det blir siger i dag, og trur Molde har ein god sjanse til å slå Vålerenga, seier ho.

- Det blir heimesiger. Me må satse på det, seier Brunvoll, som trur det endar 2-1 og at Mame Biram Diouf og Maktar Thioune skårar måla.

Og det er også Tornekrattet-leiar Eva Brit Mauseth samd i. Ho trur også det blir 2-1 på Aker stadion onsdag kveld.

- Det blir ein tett, jamn kamp. For kven vil vel ikkje til finalen, spør ho.