I eit lite lokalsamfunn råkar dødsulukker hardt.
Tidleg laurdag blei Hareid på Sunnmøre råka, då to unge menn mista livet i ei trafikkulukke i Snipsøyrdalen.
- Les også:
Rører mange menneske
Utover dagen samla folk seg i Hareid kyrkje. Klokka 15.00 og utover har kyrkja heldt ope.
– Hareid kyrkje er opa for dei som ønskjer og samlast i samband med den tragiske ulukka. Klokka seks blir det ei samling med musikk, dikt og orientering, sa kommunelege Ottar Grimstad.
I kyrkja har det blitt heldt to minnestunder.
– Vi pratar om unge menneske. Det er mot all natur at unge skal reise ut av livet så tidleg. Det rører sjølvsagt med mange menneske i hareidssamfunnet det som har skjedd, seier vikarprest Oddmund Maaseide.
Saka held fram under bildet.
Samlast i omsorg
Kriseteam og omsorgsgruppe var tidleg på. Maaseide meiner minnestund er eit godt samlingspunkt i sorga og omsorg.
– Vi har ope slik at alle dei som har mist nokon dei kjende skal ha moglegheita til å samlast i ei stille stund og få bearbeidd sorga, seier Maaseide.
I kyrkja blei det tent lys og pårørande, vener og kjende fekk prata med kvarandre.
Jobbar med identifisering
Det er to unge menn, frå Hareid, som skal ha omkome i ulukka laurdag. Politiet har ikkje formelt identifisert dei omkomne.
– Når ein kan forvente å få sikker identifikasjon er uklart. Mykje må på plass, men det kan bli måndag, seier operasjonsleiar Ole Bjørn Harang i Sunnmøre politidistrikt til NRK.
Harang fortel at omsorgsgruppe og kunnige personar tidleg blei orientert i saka.
– Arbeidet med å ta seg av dei ulike miljøa på Hareid, for å lindre og bearbeide, og alle tinga som høyrer med, blir teke hand om, seier operasjonsleiaren.