Hopp til innhold

– Vi skal framskaffe sikre svar

Dei to unge mennene som miste livet i trafikkulukke på Hareid laurdag er sende til Bergen for identifisering.

Trafikkulukke Hareid

Bilen hamna utfor vegen, trefte ein stein og tok fyr. To unge menn frå Hareid miste livet.

Foto: Svein Smørdal / NRK

Ulukka skjedde laurdag like etter klokka 8.00. Ein bil hamna utfor vegen og trefte ein stor stein. Bilen tok til å brenne og to unge menn miste livet.

Politiet har sikra tekniske prov og har drive taktisk etterforsking. Vi har mellom anna avhøyrt fleire vitne, seier leiar ved operasjonssentralen ved Sunnmøre politidistrikt, Ole Bjørn Harang til NRK.

Det er Gades Institutt i Bergen som skal stå for identifiseringa av dei to omkomne. Lokalt i Hareid er namna til dei to omkomne kjende. Politiet held imidlertid fast på at det er behov for ei sikker identifisering.

Vi forheld oss til at dei to formelt ikkje er identifiserte enno. Vi skal skaffe fram sikre svar, både når det gjeld identitet og når det gjeld kva som har skjedd, seier Harang.

På Hareid blei det tidleg kjent at det var to unge menn frå lokalmiljøet som hadde mista livet. Kyrkja blei halden open, slik at både familie og andre kunne bruke kyrkja som ein stad for å uttrykke sorga og å få trøyst.

Tidlegare i dag omkom to unge menn i ei trafikkulukke i Hareid kommune på Sunnmøre. I ettermiddag var kyrkja der open - slik at folk kunne samlast i sorga.

Hareid kyrkje var open laurdag. Der kunne folk kome i sorga og få trøyst etter det som hadde hendt.