Hopp til innhold

Minnekamp for Stian (17) samla inn hundretusenvis til kreftsaka

Han starta laget frå sjukesenga, men no er han borte. Minnekampen til Stian Hauge (17) vart alt anna enn stille og sørgmodig.

Trenarane til Blindheim Hobbylag står i dress på sidelinja og ropar idet ein lagkamerat har skåra.

Blindheim Hobbylag sin minnekamp for Stian Hauge var alt anna enn stille og sørgmodig. Kameratane som har plukka opp stafettpinnen som trenarar kler seg sjølvsagt slik Hauge alltid gjorde – i dress.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Blindheim Hobbylag sin minnekamp for Stian Hauge var alt anna enn stille og sørgmodig. Kameratane som har plukka opp stafettpinnen som trenarar kler seg sjølvsagt slik Hauge alltid gjorde – i dress.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

– Dei får ikkje att han Stian, men dei fekk laga ein skikkeleg fest, då, seier mamma Heidi Høydalsvik Hauge.

Den vesle tribunen på Blindheim stadion er heilt stappfull. På og inntil gjerda kring heile bana sit der ungar, gamle og vaksne. Langt fleire enn det til vanleg ville vore på ein G19-kamp der eine laget er eit hobbylag.

Mannen bak Blindheim IL sitt hobbylag er Stian Hauge. Han vart 17 år, og dagens kamp var ein fest for å minnast han som mista livet til kreften. Og ikkje minst samle pengar til dei som går gjennom det same som han gjorde.

– Dette var nett slik Stian hadde likt det. Ikkje noko minutts stille eller sørgeband eller noko slikt. Full musikk og fokus på venskap og glede, seier Hauge.

Stian Hauge står i ei kvit fotballdrakt med utsikt frå Rampestreken under seg. Han smiler til kameraet og det er sol og blå himmel.

– Det du ser på biletet er nett den han er, seier mamma Hauge. Ho seier at den Stian venene hans på laget har skildra til ho er nett den same som ho sjølv kjenner – ein smilande gut som alltid vil at alle skal vere med.

Foto: Privat
Stian Hauge står i ein full dress og kvite joggesko på ei grasmatte. Han ser alvorleg ut medan han ser ut på den tomme fotballbana.

– Ein solid coach stiller i dress, seier mor Hauge om biletet av Stian då laget skulle spele sin første kamp.

Foto: Privat

Ikkje noko sørgeband. Full guffe.

Kaptein Lukas Blindheim har ikkje på seg noko svart kapteinsband i dag. Garderoben, som no er so full at ikkje alle får sitje på benkane medan dei skiftar, er alt frå stille for den døde kameraten.

Laget sin eigen song blæs øyredøyvande ut frå ein stor høgtalar i hjørnet medan føter vert teipa og sveitte leggbeskyttarar henta fram.

Volumet vert skrudd endå meir opp då Sykkylven sine spelarar kjem til garderoben like ved sidan av.

Dei håpar sjølvsagt på siger, men dagens kamp går eigentleg ut på noko heilt anna enn poeng og tabellplassering.

Les også Thor (78) fekk oppfylt sitt siste ynskje – vart bisett til brølet frå eit jagarfly

Kaptein Lukas Blindheim sit inne i ein garderobe med eit knall oransje kapteinsband over den svarte fotballdrakta si.

Kaptein Lukas Blindheim spelar ikkje dagens kamp med noko sørgeband.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK
To hender i dress flyttar på brikker på eit whiteboard av ei fotballbane. I bakgrunnen ser vi at vi er i ein garderobe med fotballspelarar i svarte drakter.

Strategi vil vere naudsynt. Motstandarane ligg på topp på tabellen og trenar langt oftare enn Hobbylaget.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK
Ein god trenar, som Phillip Leine, går ikkje av vegen for å hjelpe spelarar som Mats Myrvoll for å hindre skader før ein kamp.

Ein god trenar, som Fillip Leine, går ikkje av vegen for å hjelpe spelarar som Mats Myrvoll for å hindre skader før ein kamp.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK
Ein ungdom hjelper ein annan med å ta på seg eit slips. I bakgrunnen ser vi fleire gutar med fotballdrakter på.

I Stian Hauge si and skal trenarane på sidelinja alltid stille i dress. Det har ikkje endra seg, sjølv om han ikkje lenger er der. Men Casper Digernes treng litt hjelp med slipset av Andreas Hageselle.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK
Fire unge menn i dress står inne i eit klubbhus med ei tavle bak seg. På tavla står der planar for ein fotballkamp.

Dressar og drakter er på og planen er klar.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Å finne att fotballgleda

Mamma Hauge fortel at sonen alltid har vore ein veldig god og dedikert fotballspelar, heilt til han vart sjuk. Då fekk han ei protese i eine kneet, og det vart vanskeleg å springe på bana sjølv.

– Men han la seg ikkje ned, seier Hauge.

Tenåringen fekk med seg kompisar som hadde spelt fotball tidlegare, men som av ulike grunnar hadde falle av. Ifølgje mora består laget i dag av dei som knapt har vore borti ein fotball før og dei som fann att fotballgleda og satsar for fullt.

– Han har fått gneisten attende for mange.

Ein av dei var Petter Velle, som no vert omtalt som stjernespiss av lagkameratane.

Eg hadde slutta.

Han, som so mange andre i gjengen til Hauge, elskar fotball. Men krava vart rett og slett so høge at moroa ved å spele forsvann.

Eg tykte ikkje det var artig lenger. Det vart for seriøst og for mykje, seier Velle.

Medan Hauge var innlagd på sjukehuset, sto han på og ringde rundt. Våren 2022 hadde han sett saman eit eige hobbylag, trass i at han sjølv ikkje kunne spele der.

Plutseleg ein dag fekk han snakka med klubben og forskjellige folk, so fekk vi banetid og var i gang, seier Velle.

Ein gjeng fotballspelarar joggar foran eit stort banner med skrifta "Fuck cancer!" på Blindheim stadion.

Både borte- og heimelaget varma opp under same bodskap før kampen.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK
Blindheim stadion. Vi ser fotballbana i forgrunnen, ei stappfull lita tribune og høge sunnmørsfjell dekka av snø i bakgrunnen.

Sjeldan har ein hobbylagskamp på Blindheim hatt so mange tilskodarar.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK
To gutar kledd i dress kjem gåande over ei fotballbane. Bak dei ser vi spelarar som gjer seg klare for kamp.

Trenarane vidarefører det Stian Hauge starta – ein stiller i dress på kamp.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK
To fotballag er nett komne inn på bana i lange rekker. I bakgrunnen ser vi fulle tribuner og i forgrunnen raude bluss.

Oppstyret då spelarane kom på bana var noko heilt anna enn vanleg på ein vanleg kamp for G19 i 3. divisjon.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK
Blindheim Hobbylag er klare til kamp, og står saman i ein sirkel på fotballbana.

Blindheim Hobbylag skal møte eit sterkare lag, men har trua på siger.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Sofa, PlayStation og pizza

Dagens kamp var både for å minnast Stian Hauge og for å halde den festen han hadde ynskja. I tillegg vart det samla inn pengar.

Då Hauge var til behandling på Radiumhospitalet, hadde dei eit eige område for ungdom, laga med pengar frå frivillige organisasjonar. TV, videospel og fulle kjøleskap for dei som ikkje kunne gå ut på fotballbana sjølv.

Då tenåringen kom heim att til Ålesund for behandling der, sakna han ein slik stad å vere.

Målet var å kjøpe ein sofa, ein PlayStation og ein TV, men no har vi plutseleg litt meir å gå på, seier Hauge og ler litt.

Då kampen var over var det samla inn over 300.000 kroner, både frå donasjonar, pengar frå sparebank1 SMN og ein målbonus frå AaFK.

Les også Sunniva (25) trodde hun var frisk da hun startet med fertilitetsbehandling

Heidi Høydalsvik Hauge sit på ei tribune og ser på ein fotballkamp. Ho og dei ho sit med smilar og ser nøgde ut.

Mor Heidi Høydalsvik Hauge følgde kampen til son hennar sitt lag frå øvst på tribuna.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK
Fire gutar i dress på ei fotballbane tek imot ein stor sjekk der det står "Krafttak mot kreft - AaFK" på. I bakgrunnen heng eit banner med "Fuck Cancer!" på.

I tillegg til innsamlinga laget hadde starta sjølv, kom der 75.000 kroner frå sparebanken og 60.500 kroner frå AaFK sin skåringsbonus.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK
Eit fotballlag står saman på ei fotballbane, klare for kamp. I forgrunnen, i fokus, ligg ein fotball.

Meininga med dagens kamp var både ein fest for å minnast Stian Hauge og for å samle inn pengar til l Kreftforeninga sitt Vardesenter i Ålesund.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

0–5, men likevel ikkje noko tap

Etter 90 slitne minuttar er det over. Heimelaget har, trass fleire hundre heiande tilskodarar og ein russebuss som spelte lagsongen på full guffe, tapt.

Sykkylven sitt G19-lag reiste heim med ein 5–0-siger og tre poeng, men Hobbylaget gjekk likevel smilande og klemmande ut på bana etter kampen.

Stian ville at vi skulle ha fokus på å ha det bra då, og på det som er kjekt, seier Casper Digernes.

Minnekampen er over, og andre må for alvor ta over plassen i dressen på sidelinja.

Det vert aldri det same utan Stian, då. Spesielt ikkje med hobbylaget då det var han sin ide. Han ville veldig gjerne at det skulle verte til noko og snakka om det lenge. Og so er det ikkje han som skal styre det lenger, då vert det aldri det same. Men vi skal gjere so godt vi kan, seier Kasper Aarset Pettersen.

To fotballag spelar mot einannan på Blindheim stadion. EIn spelar frå Blindheim Hobbylag skyt ballen over bana. Over han ser vi eit stort banner med skrifte "Blindheim Hobbylag - Fuck cancer!" med eit lagbilete påtrykka.

Bodskapen og meininga med dagens kamp var klår og tydeleg for alle som møtte opp. Biletet på banneret er eit lagbilete der Stian Hauge står midt i, sjølvsagt i trenardressen sin.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK
Ein Blindheim Hobbylag-spelar står framfor benken til laget sitt og fortvilar. Skåringa til ein lagkamerat vart anullert, og han held seg til fjeset medan han ser på bana.

Dei vart vitne til eit mål av ein lagkamerat, men det vart anullert. Kampen enda 0-5 til hobbylaget.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK
Eit heilt fotballag i svarte drakter går applauderande ut på fotballbana.

Likevel gjekk laget applauderande på bana etter alt var over. Det viktigaste var minnefesten over kameraten.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK
Eit lagbilete av heile Blindheim Hobbylag på fotballbana med "Fuck cancer"-banneret i bakgrunnen, hengande over eine målet.

Stian Hauge sitt lag, Blindheim Hobbylag, vert ikkje det same utan grunnleggjaren og trenaren. Likevel held dei fram.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK
Trenarteamet til Blindheim Hobbylag står i dressar saman på Blindheim Stadion. Midt i står Heidi Høydalsvik Hauge og sonen.

Blindheim Hobbylag var ein einaste stor kompisgjeng samla av Stian, fortel lagkameratane. Trenarteamet skal no ta over stafettpinnen til sonen til Heidi Høydalsvik Hauge.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK