Hopp til innhold

Thor (78) fekk oppfylt sitt siste ynskje – vart bisett til brølet frå eit jagarfly

Motorar betydde mykje for Thor Ulve Johansen, og mest av alt jeten i Starfighter 637. Denne veka vart han bisett til brølet frå det legendariske jagarflyet.

Thor Ulve Johansen

Thor Ulve Johansen vart 78 år. Han vart bisett tidlegare denne veka til lyden av eit av hans hjarteprosjekt: Starfighteren 637.

Foto: Helge Andreassen

På flyplassen i Bodø brølar ein jetmotor frå 70-talet. For mange er det berre bråket av eit fly, men for entusiastane er dette ein unik lyd.

For den røynde mekanikaren Thor Ulve Johansen var det musikk.

Samtidig halvannan kilometer vekke, i Bodø Domkyrkje, vert Thor Ulve gravlagd. Sjå venane sin heider her:

Video: Starfighter.no

Video: Starfighter.no

Thor Ulve vart 78 år gamal. Tallause dagar av livet gjekk med til å mekke på jetmotorar. Favoritten var J79-motoren, spesielt i jagarbombaren F-104 Starfighter.

Det var eit av Noreg sine jagarfly mellom 1963 og byrjinga på 80-talet, då F-16 overtok. Starfighter var Noreg sitt kanskje viktigaste våpen under den kalde krigen, vert skildra som ein rakett med vengjer.

Og få kunne so mykje om den maskina som Thor Ulve.

– Thor Ulve kjende den motoren ut og inn, seier mangeårige kollega og kamerat Helge Andreassen.

Thor Ulve Johansen

Det var her Thor Ulve var i sitt ess – med ein 36 000 hestekrefter sterk jetmotor framfor seg.

Foto: Helge Andreassen

Kameratskap, kaffi og eit fly

Helge var flygar på 334-skvadronen mellom 1972 og -79. Det var her han vart kjend med den røynde mekanikaren Thor Ulve.

Sjølv etter flyet deira vart fasa ut og F-16-flya overtok hadde Thor Ulve og Helge med seg kjærleiken til Starfighteren.

For 20 år sidan kom dei saman att for å restaurere eitt av flya og få det på vengjene att. Foreininga dei danna skulle bety mykje for Thor Ulve og mange andre pensjonistar.

Starfighter

Foreininga Starfighterens venner var samla i 2016 til den første flyginga med maskina på over tredve år.

Foto: Lars-Bjørn Martinsen / NRK

– Han har jo vore med heile tida som ein stødig og positiv støttespelar og ein dyktig mann på sitt felt. Ein mann som vi alle er glade i, seier Helge.

Han fortel at Thor Ulve betydde mykje for foreininga, og at han trur den betydde mykje for Thor Ulve. Kameratskap, venskap og miljøet gjev mykje til medlemmene, meiner han. Fleire av dei er pensjonistar og veteranar.

– Når vi møtast for å halde på med flyet går det jo ein time kvar morgon til å berre prate over kaffien. Og Thor Ulve var ein god historieforteljar.

– Eg skulle gjerne hatt på lydband alt han har fortald opp gjennom, men det er jo mykje røvarhistorier. Det var ikkje akkurat bedehushistorier, seier Helge og ler litt.

Starfighter

Dette innslaget frå Nordlandssendinga i 2007 syner då Starfighter 637 fyra opp motoren for første gong på mange år. Thor Ulve sat i cockpiten under testen.

Ei audmjuk kjensle

Helge fortel at det var trist at ikkje alle kompisane frå foreininga fekk besøkt Thor Ulve mot slutten, grunna omstenda. Men likevel fekk fleire helst på han dei siste vekene.

Ein ting foreininga kunne gjere, var å fyre opp Starfighteren, etter familien sitt ynskje. Det var Helge som sat i cockpiten medan det over 50 år gamle jetflyet brølte frå seg.

– Eg kjende på ei stor audmjukskap, seier han.

I dødsannonsen til Thor Ulve står det «Like kjært som blomar er ei gåve til Starfighterens venner». Det er nok inga tvil om at han hadde sett pris på at flyet kunne høyrast under gravferda.

– For sånne nuts som oss er det den beste lyden i verda, seier Helge.

F-104 Starfighter var kanskje Norges viktigste våpen under den kalde krigen, og i dag tok jagerflyet igjen av ved Bodø hovedflystasjon.

Slik høyrast ein Starfighter ut i lufta. Flyet letta for første gong på over tredve år i 2016.