Hopp til innhold

Koronaen gjorde at Andreas ikkje slutta på fotball

Færre barn og unge enn frykta har slutta på fotball under koronapandemien. På Valderøya fann Andreas (16) ny motivasjon.

Fotballspelar Andreas Tomren Strandman og trenar Tom-Gøran Jønsson

Valder IL har fått fleire fotballspelarar under koronapandemien. Andreas Tomren Strandman (16) lurte på om han skulle slutte, men ombestemte seg.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Sterke flaumlys lyser opp kunstgrasbana til Valder idrettslag på Sunnmøre. Juniorlaget varmar opp til si aller siste trening før juleferie. Fleire av spelarane har slite med motivasjonen.

– Det var ei stund at det ikkje var kjekt på trening og eg ikkje hadde lyst å komme, seier Andreas Tomren Strandman (16). Han har fleire kompisar som ikkje går på fotball og tenkte at han sjølv kasta bort tida si.

Andreas Tomren Strandman

Andreas Tomren Strandman gler seg til fotballtreningane no.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Det kunne ha vore lett å slutte med idretten då koronapandemien gjorde treningane vanskeleg, men underleg nok var det koronaen som gjorde at han og fleire andre blei verande på laget.

Då dei fekk starte å trene att etter nedstenginga i vår, blei laget delt i små grupper. Kvar gruppe hadde sin eigen trenar.

– Vi blei meir sett og fekk meir hjelp, seier 16-åringen.

Fotballtrening på juniorlaget til Valder IL

Vuk Vucenovic, Simen Reinlund, Marius Skjong og Andreas Tomren Strandman har innsett kor mykje fotballen betyr for dei. Fleire av dei har til tider vore leie.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Meir optimisme

Det er berre få månader sidan Noregs Fotballforbund varsla at 20.000 barn og unge i heile landet har slutta med fotball i koronaperioden.

No er fotballforbundet langt meir optimistiske.

– Eg trur vi kjem til å vere godt tilbake igjen når vi nærmar oss 2021, men vi må jobbe knallhardt for å få det til. Eg er ikkje så bekymra som eg var før sommaren, seier Alf Hansen. Han er direktør for utvikling og aktivitet i NFF.

Alf Hansen, direktør for anlegg og aktivitet i NFF

Alf Hansen er direktør for utvikling og aktivitet i Noregs Fotballforbund.

Foto: Lars Tore Endresen / NRK

Sjølv om det var 7 prosent færre påmelde lag i barne og ungdomsfotballen i haust samanlikna med året før, betyr ikkje det at alle spelarane har slutta. Hansen forklarer at mange av barna trener framleis, men at dei ikkje har spelt kampar.

Rundt om i landet rapporterer klubbar om fråfall, medan andre har vekst, ifylgje Hansen.

Jobba hardt

Valder IL har fått 20 prosent fleire spelarar enn året før. Trenar Tom-Gøran Jønsson seier det låg knallhard jobbing bak treningane i starten av pandemien. Hans juniorlag hadde 8–10 vaksne som bidrog som trenarar i dei små gruppene.

– Det var ei forferdeleg tid, men det kom mykje positivt ut av det, seier Jønsson.

Han trur at det å kome tett på fotballspelarane, gjer at trenaren blir kjent med dei på ein annan måte. No trenar juniorlaget som før, og kan sjå tilbake på ein god sesong også resultatmessig.

Fotballtrenar Tom-Gøran Jønsson

Trenar Tom-Gøran Jønsson seier at idrettslaget har jobba hardt for å hindre at spelarar skal slutte.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Lyspunkt i kvardagen

Ballen går hurtig mellom spelarane på Valdervoll. Det er ikkje berre Andreas Tomren Strandman som har innsett kor viktig fotballtreningane er. For lagkompis Simen Reinlund (17) er fotballen noko å sjå fram til og eit lyspunkt i kvardagen.

– Fotballen påverkar kvardagen både fysisk og mentalt. Det påverkar både søvnen og fokuset på skulearbeidet, seier Reinlund. Han har ingen planar om slutte.

Også Strandman har bestemt seg for å fortsette på laget.

– Eg set meir pris på fotballen no. Det er kjekt å treffe folk og ha det gøy, seier 16-åringen.

Fotballtrening på Valder idrettslag

Å trene i små grupper blei løysinga for juniorlaget til Valder idrettslag.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK