Hopp til innhold

NFF: 20.000 barn og unge har slutta med fotball i løpet av koronaperioden

Idrettsforbundet er bekymra for koronafråfallet og fryktar større sosial ulikskap i breiddeidretten.

Unge spiller fotball.

FÆRRE LAG: Det er stor nedgang i talet påmelde lag til seriespel i aldersgruppa 8–19 år om ein samanliknar 2020-tala med 2019-sesongen.

Foto: Helene Steinfeld Monsen

– Eg merkar det på at det er mindre aktivitet på feltet, seier Lasse Jensen (26), som speler fotball på Vadmyra IL i Bergen.

Etter ein grundig gjennomgang anslår Noregs Fotballforbund no at så mange som 20.000 barn og unge i heile landet har slutta med fotball i koronaperioden.

Idrettslaget i Bergen har sjølve mista rundt 80 unge fotballspelarar dei siste månadene.

– Det har vore fullt av folk her om sommaren, men etter at koronaen kom var det nesten ingen her, fortel Jensen.

Hans eige lag er oppløyst etter at fleire miste motivasjonen under koronatida.

Vadmyra

MERKAR NEDGANG: – Før måtte vi krangle med dei store gutane for å få tak i mål, slik er det ikkje lenger, seier Lasse Jensen i Vadmyra IL.

Foto: NRK

– Ei bekymring

Samanliknar ein talet påmelde lag til seriespel i 2019-sesongen med tal for 2020, er 8 prosent av laga i aldersgruppa 8–19 år borte. Det utgjer vel 1600 lag.

– Vi kan estimere at cirka 20.000 spelarar er vekke samanlikna med 2019, seier Alf Hansen, direktør for utvikling og aktivitet i NFF.

– Det er sjølvsagt ei bekymring, men ein betydeleg betre situasjon enn det vi var redde for i sommar, poengterer direktøren.

Fotballforbundet meiner aktivt arbeid med smittevern i klubbane har bidrege til at fråfallet ikkje er større. Likevel er dei bekymra for langtidsverknadene når aktiviteten er fråverande.

Alf Hansen utenfor NRKs lokaler på Marienlyst i Oslo

VEIT IKKJE GRUNNEN: Direktør for utvikling og aktivitet Alf Hansen i Fotballforbundet veit ikkje kvifor så mange sluttar.

Foto: Gunhild Hjermundrud / NRK

Bekymra for barna

Breiddeidrettssjef Anja Veum i Idrettsforbundet er uroleg for at enda fleire skal slutte med idrett som følge av koronakrisa.

– Vi er bekymra for at dei barna som bur i heimar med vedvarande låg inntekt no har større risiko for å falle frå, seier ho.

Veum er særleg uroa dersom det blir auka arbeidsløyse. I denne tida er det viktig at idrettslaga klarer å halde kostnadene på eit slikt nivå at alle kan delta i idrett, påpeiker ho.

Variasjonar mellom klubbane

Sogn og Fjordane er krinsen som har den største prosentvise nedgangen, på 35,9 prosent. 612 lag var påmelde i 2019, mot 392 i år.

– Ein del klubbar har halde aktiviteten gåande på ein veldig god måte, andre rapporterer om at det er ein god del færre på trening no enn tidlegare, sa dagleg leiar Svein Olav Myklebust i NFF Sogn og Fjordane tidlegare denne veka.

Myklebust seier det er mellom dei yngste spelarane og spelarane over 20 år dei har merka fråfallet best.

– Vi er bekymra for heile situasjonen rundt den frivillige innsatsen og aktiviteten vår. Kvardagen og faste rutinar blir brotne. Det gjeld ikkje berre spelarar, men også trenarar, leiarar og dommarar.

Vadmyra

HAR MISTA LAGET: Lasse Jensen (26) har spelt fotball for Vadmyra IL sidan han var fem år gammal. No er laget hans oppløyst. Her saman med sportsleg leiar Terje Hansen.

Foto: NRK

– Djup krise

NFF har ikkje tal for dei yngste spelarane i alderen 6 -7 år. Heller ikkje for breiddefotballen over 20 år har fotballforbundet tal, fordi det verken er opna for trening med kontakt eller kampar.

– Her er krisa framleis djup og reell. Det er ein slitasje og utmatting over å måtte vente på svar, og fleire klubbar melder om spelarar som slit med motivasjonen, opplyser Hansen i NFF.

I Vadmyra IL synest sportsleg Terje Hansen det er trist at dei har mista mange spelarar.

– Idrettslag og foreiningar er viktige for bydelen. Viss mange sluttar og ikkje finn på andre fornuftige ting, så kan det fort bli mykje rotlaus barn og ungdom, seier Hansen.

– Vi jobbar heile tida med å gjere det kjekt for dei som er her. Så håpar vi at dei som forsvann finn vegen tilbake.