Hopp til innhold

MFK: Skal bygge vidare på sigeren

Spelarane og manageren er samstemte etter gårsdagens 3-2 siger over Bodø/Glimt Dette er noko dei kan bygge vidare på, sjølv om laget ikkje er heilt friskmeldt. – Men vi klarte å mobilisere, seier kampens første målskårar, Fredrik Aursnes.

Fredrik Aursnes

– Endeleg, seier Fredrik Aursnes etter at tre poeng var i boks.

Foto: Roar Strøm / NRK

Han vedgår at det har gått for lang tid sidan sist trepoengar, og håpar av sigeren var starten på noko som gjer at laget kan klatre på tabellen.

– Det har vore kjipt kvar gong vi har gått av bana utan siger. Men spelargruppa har klart å mobilisere til kvar kamp, og vi har hatt trua og vore positive. Det fekk vi betalt for mot Bodø/Glimt.

Fylkesoppgjer i vente

Men Molde slepp framleis inn for mange mål, og laget frå Nordland fekk redusere både til 2-1 og 3-2. Sjølv er Aursnes fornøgd med at han kunne bidra til både skåriing og målgivande.

– Sigeren gir sjølvtillit fram mot fylkesoppgjeret mot Aalesund komande helg, seier Aursnes, som ikkje følte noko ekstra press før kampen i går.

Men han om medspelarane hadde nok lytta til manager Ole Gunnar Solskjær, som hadde fått fram bodskapen at det var viktigare å ha meir lyst til å vinne enn å frykte for å tape.

Fredrik Brustad

Fredrik Brustad skåra sitt første, men neppe sitt siste mål for MFK.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

Namnebror Fredrik Brustad fekk si første skåring som Molde-spelar - og då kom også første sigeren,

– Det var ei forløysing, både for meg og for resten av spelargruppa.

Mannen bak 2-0 målet håper dette var vendepunktet for MFK, etter at laget har slite ei stund. Etter at mange har slite med låg sjølvtillit var det mange som viste at dei har det i seg, og ifølge Brustad viste det igjen på stemninga i garderoba etter kampen.

Bursdagsbarnet avgjorde

Sander Svendsen feire 19 år med å skåre det tredje målet.

Svendsen i duell

Sander Svendsen, 19 år i går, men allereie over 50 eliteseriekampar.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

– Det var perfekt med ei slik bursdagsgåve, seier Svendsen.

Som 19-åring har han allereie spelt 56 eliteseriekampar, og han står bokført med 13 mål. Ein sterk statistikk så tidleg i karrieren, men sjølv meiner han at han skulle hatt fleire mål.

Godt med rutine allereie, med andre ord, men har er likevel budd på at det vil gå litt opp og ned.

– Målet må vere å bli fast på laget, og å hjelpe til med å sikre MFK fleire sigrar, seier Svendsen, som ler litt når han får spørsmål om han kan bli ein ny Daniel Berg Hestad.

Hyllar klubblegende

For han veit at det er langt fram, både når det gjeld kampar, mål og rutine, før han kan samanlikne seg med klubblegenden.

Daniel Berg Hestad hyllest

– Lagkameratane merka at Daniel Berg Hestad la opp, seier Sander Svendsen.

Foto: Tore Ellingseter

– Dessutan har eg ein draum om å på spele i utlandet etter kvart. Men først må eg utvikle meg her. Men viss eg forsvinn ut, så skal eg garantert avslutte karrieren her.

Når det gjeld Daniel Berg Hestad så vedgår Svendsen at særleg dei yngre, men også dei meir rutinerte spelarane, merka at han har lagt opp.

– Både som menneske, i garderoba og på bana, var det ein som vi lytta til.

Manager Ole Gunnar Solskjær er med i hyllesten av den tidlegare kapteinen, og den allereie rutinerte 19-råingen.

– Han kjem til å bli ein veldig god spelar! Men han må få meir tid på å utvikle seg, seier Solskjær som etter kvart ser for seg at Svendsen spelar på eit høgare nivå enn eliteserien.

Erstattaren er på plass

Molde-manageren deler elles Svendsen si oppfatning av at ei leiarstjerne som Daniel Berg Hestad har vore sakna. Men no meiner han at erstattaren er på plass.

– Babacarr Sarr har vore heilt suveren sidan han kom inn dørene her. Spelarane ser opp til han, lyttar til han, og ser at han er ein murbrekkar, ballvinnar og stabilisator.

Babacar Sarr er klar for Molde

– Her er statilisatoren vår, seier Ole Gunnar Solskjær om Babacarr Sarr.

Foto: Molde FK / Molde FK

Seier ein manager som er glad for at 21.mai ikkje lenger er datoen for siste Molde-siger. Han meiner det er ein smule ufortent at sigeren ikkje har kome før, men samtidig ser han at dei ikkje er heilt der dei skal vere.

– Men no er vi på gang, og med så mange gode spelarar var det berre eit spørsmål om tid før det ville snu.

Han har vore gjennom noko av det same som manager i Cardiff, men då var alt nytt og uvant. I Molde vedgår ha at motgangen kom meir uventa.

– Vi hadde noko av det same i 2013, og kom igjennom det då. Men motgangen no var litt uverkeleg, for eg veit kor god desse spelarane er, seier Solskjær som er gang med å planlegge slagplanen for kampen mot Aalesund.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL