Hopp til innhold

MFK avviste korrupsjonstilbod

Espen Silseth i Molde Fotballklubb fekk tilbod om å selje ein spelar til ein gresk klubb for 22 millionar kroner. Sju av millionane skulle overførast til ein ukjend konto.

Espen Silseth
Foto: Falch, Knut / SCANPIX

Det er tidlegare MFK-direktør Espen Silseth som fortel dette i VG i dag. Tilbodet kom på telefaks frå ein utanlandsk agent i 2002.

Silseth vil ikkje seie kva for ein spelar tilbodet gjaldt. Han avslo tilbodet tvert, men han reknar med at ein del av desse pengane skulle tilfalle han sjølv. Det var heller ikkje den einaste gongen han opplevde noko liknande  medan han var toppsjef i Molde Fotballklubb.

Espen Silseth meiner korrupsjon er utbreidd i heile fotball-Europa, spesielt i England. Han seier til VG at ein internasjonal fotballorganisasjon som FIFA ikkje tør å ta korrupsjonen alvorleg fordi den er så utbreidd også innan FIFA-familien. Derimot trur han ikkje det finst noko særleg korrupsjon i det norske fotballmiljøet.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL