Hopp til innhold

Meteorologane nedringt av vêrsjuke nordmenn

Etter ein kald og våt start på sommaren er det mange som ønskjer å vite om det snart blir varmare, og som ringer ekspertane direkte.

Regn

Denne våren og starten på sommaren har vore våt fleire stader i landet hittil. Det ser heller ikkje ut som om sommaren kjem i næraste framtid.

Foto: Tor Michael Skillestad

Vakthavande meteorolog Marit Berger seier folk stort sett spør etter ein ting.

«Når kjem finvêret?»

Meteorologane ved Vêrvarslinga på Vestlandet blir nedringt av sommarsvoltne nordmenn som etterlyser varmen. Berger fortel at pågangen var spesielt stor i mai.

– Det var veldig vått og då var det mange som ville kjenne litt på sommaren, seier ho.

Men dei fleste klagar ikkje. Vêret kan ein jo ikkje gjere noko med.

– Man tar det man får – man har ikkje noko anna val akkurat.

Ventar på sommar

Og når NRKs reporter, som mange andre, spør når sommaren kjem er svaret frå meteorologen heller labert.

– Dessverre ser eg ikkje at sommaren kjem i næraste framtid. Det ser dårleg ut.

Sjølv etterlyser Berger høgare temperaturar og sol.

– Eg ventar på sommaren eg og, så eg syns ikkje noko om dei dårlege meldingane, seier ho.

Sist i går kom der enda ei melding om at sommaren ikkje kjem denne helga heller. Austlendingane har fått streng beskjed om å nyte dei gode dagane medan dei kan og vestlendingar kan trøyste seg med at det er litt tørrare der enn i Trøndelag. Men denne helga er det lengst nord det er best å vere utandørs.

Det skulle kanskje ikkje vere mogeleg – men denne helga vert det altså endå kaldare. Meteorologane har til og med lagt ut «trøystedikt» for å hjelpe vêrsjuke nordmenn.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL