29 millionar kroner. Det er skilnaden mellom tilbodet frå Kolo og tilbodet frå Mesta.
Kolo meiner dei kan halde ved like riks- og fylkesvegane for seksti millionar kroner i fire år framover.
Mesta la inn eit anbod på 89 millionar for same jobben.
Dermed var valet enkelt, seier overingeniør i Statens Vegvesen, Åge Sivertsen...
I Mesta er hovudtillitsvald Tore Andersen lei seg for at dei tapte anbodet.
Det er vegane i kommunane Hareid, Ulstein, Herøy, Sande, Vanylven,Sunndal, Tingvoll og delar av Nesset og Volda som no skal til dømes brøytast og strøast av Kolo Veidekke.