Hopp til innhold

Meir miljøvennleg hogst

Strenge miljøkrav for hogst i skogen tvingar fram nye hogstmetodar. Spesielt i bratt terreng blir det ofte omfattande og stygge naturinngrep av gravemaskinar og store hogstmaskiner. På eit hogstfelt i Strandadalen er det denne veka demonstrert ein kraftig og effektiv vinsj – T-vinsjen. – Denne gjer at naturinngrepa kan bli mykje meir skånsame, seier skogbruksleiar i Allskog, Per Gunnar Sande. Han seier at håpet er at skogentrenenørar ser seg råd til å kjøpe inn ei slik maskin i fylket for å få meir erfaring.

Strandadalen
Foto: Gunnar Sandvik / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL