Meiningsmåling rystar

Fylkesleiar Per Vidar Kjølmoen i Arbeidarpartiet er rysta over NRK-målinga for januar - der partiet har 20,1 prosent oppslutning. Om dette var eit valresultat, må ein 94 år tilbake for å finne like dårleg oppslutning. Kjølmoen er ikkje i tvil om at Giskesaka er årsaka, og håper no at partiet klarer å snu personfokuset over på politikk igjen.

Per Vidar Kjølmoen
Foto: Trond Vestre / NRK