Hopp til innhold

Meiner Stortinget kan vere feilinformert om Helseplattforma

Etter fleire skriftlege spørsmål til helseministeren om Helseplattforma bed stortingsrepresentant Sylvi Listhaug helseminister Ingvild Kjerkol no om å kome til Stortinget for å svare på spørsmål om datasystemet.

Listhaug bed om svar på eit spørsmål om Helse Midt-Noreg kan ha feilinformert Helsetilsynet og helseministeren om kvaliteten på Helseplattforma, og at helseministeren deretter kan ha feilinformert Stortinget.

Mykje tyder på at Stortinget er blitt feilinformert, skriv Listhaug i spørsmålet sitt. Ho bed no om svar på om kva Helseministeren vil gjere overfor Helse Midt-Noreg.

– Eg er heilt overgitt over at helseminister Kjerkol ikkje viser nokon refleksjon over at helse Midt-Noreg har feilinformert Helsetilsynet og dermed også Stortinget, skriv Listhaug i ein e-post til NRK.

Listhaug viser også til at direktørane ved St. Olavs hospital og Helse Møre og Romsdal har skrive eit brev der det blir hevda at Helse Midt-Noreg har gitt eit samla inntrykk av at situasjonen i Helseplattforma er meir under kontroll enn han faktisk er.

– Eg forstår ikkje at helseministeren kan stole på informasjon ho får frå Helse Midt-Noreg, skriv Listhaug.

Direktør Stig Slørdahl i Helse Midt-Noreg har tidlegare sagt at han vil gå inn og studere opplysningane og at Helse Midt-Noreg ikkje har noko mål om å skjønmale situasjonen.

I går svarte helseminister Ingvild Kjerkol på eit skriftleg spørsmål frå Listhaug. Der framgår det at ansvaret for eit fungerande journalsystem ligg hos helseregionane, dei lokale helseføretaka og hos kommunane. Kjerkol vedgår at det har vore feil i Helseplattforma, men at dette er feil som skal utbetrast og som det kan takast lærdom av.

Sylvi Listhaug Ingvild Kjerkol spørjetime Stortinget
Foto: Terje Bendiksby / NTB