Hopp til innhold

Meiner fleire bønder må satse på lokalmat

FIKSDAL (NRK): Bønder i Fiksdal i Romsdal har gått saman for å lage fenalår og pinnekjøtt av sine eigne lam. Det gleder landbruksminister Jon Georg Dale (Frp). Regjeringa vil ha fleire lokalmatprodusentar.

Fiksdal Lam produserer fenalår

Tørkerommet er fullt av fenalår som allereie er tinga bort. Kjell Ove Liabø og Frode Ellingseter meiner fleire bønder bør satse på lokalmat.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

På garden Hjellmyra i Fiksdal er det hektisk aktivitet både i fjøset og i dei nye produksjonslokala. Medan vêrane i båsane har til oppgåve å sikre neste års leveranse av lammekjøt, pakkar seks gardbrukarar fenalår og syr rullepølse i høgt tempo.

Dei tre para driv kvar sine gardar i Fiksdal og slo seg saman for tre år sidan for å vidareforedle sitt eige lammekjøt. I haust hadde dei til saman rundt 500 lam, som dei leverte til slakting. Dyra fekk dei tilbake og la til salting og tørking. Responsen har vore over all forventning.

– Før vi sette i gang var eg nervøs og sov dårleg. Eg var redd for at vi skulle sitte att med mykje. No er eg redd fordi vi nesten har gått tom, ler Heidi Gjelsten frå Oppigarden.

For sauebøndene betyr det at innteninga i åra framover vert betre enn om dei berre hadde levert frå seg lamma til slakteriet.

Anne Liabø syr lammerull

Anne Liabø syr lammelur for harde livet før jul. Mannen hennar er bonde på heiltid, medan dei andre fem har andre jobbar i tillegg.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Vil ha større variasjon

Regjeringa har som mål at Noreg skal omsette lokalmat for 10 milliardar kroner i daglegvarehandelen innan 2025. Så langt er ein nesten halvvegs til målet.

– Vi treng mange fleire lokalmatprodusentar og større variasjon i det som blir produsert, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale. I dag er det mange som produserer kjøtprodukt og ost. Cider, frukt og bær har stort potensiale, ifylgje Dale.

Innovasjon Norge ser at fleire satsar på lokalmat. Mange av desse får økonomisk støtte for å starte opp.

– Det er plass til fleire lokalmatprodusentar i ein marknad som stadig etterspør meir lokalmat. I tillegg må fleire av dei som allereie finst vekse seg større, seier Silje Marie Lesjø i Innovasjon Norge.

Kunde Geir Gjelsten kjøper fenalår med Marita Nygård

Kunde Geir Gjelsten kjøper julemat med Marita Nygård i Fiksdal Lam.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Maten har ei historie

I Fiksdal kjem kunde Geir Gjelsten for å hente varene sine. Fenalår og pinnekjøt skal serverast til 20 gjestar på julaftan. Nokre av gjestane driv sjølve med sauer i New Zealand og for Gjelsten betyr det mykje at matenhan serverer har ei historie.

– Eg veit kvar kjøtet blir produsert og kvar sauene går, seier Gjelsten. Produkta han kjøper har fått namn etter dei lokale fjella der sauene går på beite.

Dei tre para som står bak Fiksdal Lam angrar ikkje på at dei turte å satse. Ikkje berre er det motiverande å jobbe i eit fellesskap. Dei har også blitt meir stolte av det dei driv med. Dei meiner fleire bønder bør sette i gang.

– Det er berre å tore å prøve. Det er ikkje noko å vente på, seier Frode Ellingseter.

Seks gardbrukarar gjekk saman og danna Fiksdal Lam

Marita Nygård, Frode Ellingseter, Kjell Ove Liabø, Anne Liabø, Heidi Gjelsten og Tore Gjelsten slo seg saman for tre år sidan.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL