Hopp til innhold

Gjerningsmann pågripen

Ein person er send medvitslaus med hovudskadar til sjukehus etter ein slåstkamp ved asylmottaket på Osnes i Ulsteinvik.

Asylmottak for enslige mindreårige Osnes, Ulsteinvik

Det var her ved Smestad-bygga på Osnes i Ulstein at slåstkampen skjedde. Politi og ambulanse var på staden kort tid etter og ein person vart sendt til sjukehus i helikopter.

Foto: TIPSER

Hallstein Saunes, som er dagleg leiar i Link

Dagleg leiar i Link, Hallstein Saunes

Foto: Arne Flatin / NRK

Det var ved 14.15-tida fredag at politiet melde om slåstkamp mellom to personar ved eit asylmottak i Ulsteinvik.

– Slåstkampen oppstod på asylmottaket for einsleg mindreårige på Osnes i Ulstein kommune. Det var to bebuarar som var involvert i episoden etter usemje, og dette skjedde på utsida av mottaket, fortel dagleg leiar i LINK, Hallstein Saunes til NRK.

Gjerningsmannen slo den fornærma med ein stein og han vart frakta med luftambulanse til St. Olav Hospital. Fredag kveld melder politiet at den fornærma har fått lettare skader etter angrepet.

Ulsteinvik

Ein pågripen

Politiet kom til staden og det blei rekvirert luftambulanse på grunn av skadane den eine personen hadde fått.

– Vi fekk melding om lag klokka kvart over to om at det hadde vore ein slåstkamp ved eit av asylmottaka i Ulsteinvik. To personar var involvert. Ein av personane var skadd, fortel Sindre Molnes hos politiet i Ålesund.

Fredag ettermiddag opplyser politiet at éin person er pågripen i saka. Ut over dette har politiet førebels ikkje noko opplysningar om det som har skjedd.

Laster Twitter-innhold

Politiet er i ferd med å gjere innleiande undersøkingar og avhøyr.