Hopp til innhold

Måtte bryte opp samling i Ålesund

Politiet måtte i natt avslutte ein fest på Volsdalsberga i Ålesund. Ca. 100 ungdomar hadde samla seg der og det blei meldt om mykje fyll og rus på staden. Det skal også ha vore fleire slåstkampar og ei aggressiv stemning.

Politiet bad foreldre om å kome å hente heim ungdomane sine og fekk etter kvart avslutta festen.

Ein person blei tatt med inn til fyllearresten og fleire blei politimeldt etter hendinga.

– Det var ei stor samling av folk og ungdomar heilt ned i 14-årsalderen. Desse var saman med eldre i ein setting der det var mykje rus, slåstkampar og ordensforstyrringar. Fleire har blitt politimeldt, og det kunne ha vore endå fleire, men vi hadde ikkje nok ressursar til det. Det er særleg urovekkande at barn ned i 14-årsalderen er ute på den tida av døgnet i ein slik setting, seier John Bratland, operasjonsleiar i politiet.

Restar og søppel etter fest på Volsdalsberga i Ålesund natt til søndag 22.01.21
Foto: Silje Bjerknes / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL