Marthe Brendefur har alltid har eit spesielt forhold til mor si. Då 31-åringen nyleg la ut på ein 50 dagar lang ekspedisjon mot Sørpolen visste ho at mora heime på Sunnmøre var alvorleg sjuk.
Den 56 år gamle kvinna fekk tidleg Alzheimer og halvanna veke før avreise blei ho råka av slag.
– Valet om å reise er det tyngste eg nokon gong har tatt, seier den friluftsinteresserte 31-åringen.
Men etter at både mora og resten av familien forsikra henne om at ho burde reise, pakka ho sekken og forlèt Sunnmøre for å gå 1000 kilometer i isøydet.



Marthe Brendefur på veg til Sørpolen.
Foto: Antarctic Heritage TrustHåpte at dei skulle møtes igjen
Den optimistiske 31-åringen håpte at den livsglade mora hennar kom til å overleve dei 50 dagane dottera var på tur.
For at mora – på sin måte – skulle vere med på den spektakulære turen, pakka Marthe Brendefur ned i sekken eit bilde av den kjære mora si. Midt mellom vinterkle, proviant og naudutstyr, låg bildet godt nedpakka i den tunge pulken.
– Når du har levd nær nokon som har ein alvorleg sjukdom lenge, så er det ein ting som står ganske sterkt: og det er håpet! Eg hadde eit heilt ukueleg håp om at ho kom til å vere der når eg kom tilbake, seier ho.
Slik er det mange som huskar Magnhild Fausa. Ho var ei livsglade dame, men blei berre 56 år gamal.
Foto: privatBlei plukka ut blant hundrevis
Marthe Brendefur har tidlegare åtte år bak seg i forsvaret. No jobbar ho til dagleg med datatryggleik og kartlegg kriminelle truslar på nettet. Då ho las på NRK at fem frivillige kunne bli med til Sørpolen, kasta ho seg rundt og blei plukka ut av 350 søkjarar.
Etter å ha blitt transportert frå Punta Arenas i Chile og inn til basen Union Glacier i Antarktis, starta sjølve ekspedisjonen på Ronne Ice Shelf, ein enorm isbre lengst inne i Weddelhavet. Dei følgde ei av dei klassiske rutene innover det islagde kontinentet i sørvestleg retning.
– Ein skulle ikkje tru at ein liten it-nerd frå Noreg skulle klare det, men når eg klarte det, trur eg faktisk dei fleste klarer det, seier ho.
Færre enn 200 menneske i heile verda har gjort det same før henne.
Her er Marthe Brendefur på kontoret til Roald Amundsen.
Foto: Astrid Johanne Sørnes / NRKBlei stadig dårlegare
31-åringen har kryssa både Finnmarksvidda, Hardangervidda og Grønland på ski før, og er vant til å vere borte frå familien.
Halvvegs i turen fekk Marthe Brendefur beskjed om at ikkje alt var som det skulle heime. Medan Brendefur kjempa mot kulde og frost på veg mot Sørpolen, blei mora stadig dårlegare.
Dei siste dagane hadde dottera kontakt via satellittelefon fleire gonger dagleg.
– Du er så klart veldig lei deg. Den dagen eg fekk vite at no er enden nær, navigerte eg ei økt. Eg køyrde dei gjennom ei slalåmløype, seier ho om følgjet på fem som bytta på å finne vegen gjennom isøydet.
Heime i Noreg trekte mora sitt siste sukk med familien rundt seg 13. desember 2022.
Det blei mange overnattingar i kulden.
Foto: Antarctic Heritage TrustKom fram til gravferda
Marthe Brendefur landa på flyplassen ved Ålesund berre nokre få timar før gravferda. Til dei som lurer på korleis ho kunne gjennomføre ein slik tur når mora var sjuk, seier ho at det er vanskeleg å vente på eit perfekt tidspunkt. Ho meiner ein aldri veit kva livet byr på, og kanskje bør ta sjansen når den er der.
Ho er sikker på at mora var samd i avgjerda.
– Eg håper ho ville vore stolt av meg. Eg trur det. Eg trur at dersom ho kunne, så ville ho blitt med, ho også, seier 31-åringen.
På tur til Sørpolen lagde ho dette hjartet av snø og is for å minnest mor si.
Foto: Antarctic Heritage Trust