Hopp til innhold

Kan det bli du som drar pulken til Sørpolen i Amundsens fotspor?

Er du klar for å dra ein pulk 1000 kilometer over isen? To personar frå New Zealand og ein frå Noreg får bli med på ekspedisjonen.

Ekspedisjon i Antarktis

Det kan vere 40 minus og iskald storm, men også spektakulært, på veg mot Sørpolen.

Foto: Ousland Explorers

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Invitasjonen er ute, med Antarctic Heritage Trust på New Zealand som avsendar. Bakgrunnen er at det i år er 150 år sidan mannen som nådde Sørpolen først, Roald Amundsen, blei fødd.

– Formålet er å markere jubileet til den legendariske polfararen, og å inspirere unge menneske til å utfordre seg sjølve til å sjå kva dei er i stand til å gjennomføre, seier direktør for Antarctic Heritage Trust, Nigel Watson til NRK.

Den geografiske Sørpolen

Den geografiske Sørpolen er målet for ekspedisjonen.

Foto: Eivind Molde / NRK

– Dette blir ekstremt

Han ser først og fremst etter deltakarar som er under 35 år.

– Vi ønskjer å setje saman eit team med folk frå Noreg og New Zealand som gjennomfører ein ekspedisjon i Amundsens ånd, som kan halde ut gjennom tøffe utfordringar, som kan samarbeide godt, og som vil dele det dei opplever med andre.

Nigel Watson, Antarctic Heritage Trust

Nigel Watson, Antarctic Heritage Trust.

Foto: Keith Parsons / Antarctic Heritage Trust

Dette er den sjette ekspedisjonen som går under namnet Inspiring Explorers Expedition. Turen til Sørpolen blir ein av dei mest utfordrande, seier Watson.

– Dette blir ekstremt. Det blir minst 40 dagar på isen, der vi skal ta oss fram gjennom utfordrande terreng inn til polpunktet. Det blir temperaturar ned i minus 40.

Framme på Sørpolen

Det er stort å komme fram til polpunktet. Biletet viser ein av ekspedisjonane under jubileet 2011, 100 år etter at Roald Amundsen nådde Sørpolen. Nærast ser vi kula som er plassert på det som blir kalla «den seremonielle Sørpolen».

Foto: Eivind Molde / NRK

Ei klassisk rute til Sørpolen

Ekspedisjonen skal gjennomførast i perioden november i år til tidleg i januar 2023. Den er eit samarbeid med Ousland Explorers og Antarctic Logistics & Expeditions (ALE).

Etter å ha blitt transportert frå Punta Arenas i Chile og inn til basen Union Glacier i Antarktis, startar sjølve ekspedisjonen når deltakarane er på plass på Ronne Ice Shelf, ein enorm isbrem lengst inne i Weddelhavet.

Ekspedisjonsleiar blir den erfarne polfararen Bengt Rotmo.

– Dette er ei av tre klassiske ruter til Sørpolen. Vi går innover det islagde kontinentet i sørvestleg retning. Vi følgjer Foundation Ice Stream, som er for farleg å krysse på grunn av sprekker og at isen bevegar seg raskt her. Etter 300 kilometer er vi forbi Foundation og legg kursen rett mot sør, fortel Rotmo.

Kva vil ekspedisjonen by på av utfordringar og opplevingar?

Deltakarane vil måtte hanskast med kulde og vind. Dei vil få ei oppleving for livet og bli ein del av et team som får ei unik og felles oppleving dei aldri vil gløyme, seier Rotmo.

Det er planen å lage ein TV-dokumentar frå ekspedisjonen, ifølgje Antarctic Heritage Trust.

Bengt Rotmo, Ousland Explorers

Ekspedisjonsleiar Bengt Rotmo.

Foto: Ousland Explorers

Tar vare på kulturarven

Stiftinga Antarctic Heritage Trust gjer eit omfattande arbeid med å ta vare på og restaurere kulturminne i Antarktis. Først og fremst gjeld dette hytter og gjenstandar som har vore brukte i samband med ekspedisjonar i området, i regi av folk som Robert Scott, Ernest Shackleton og Carsten Borchgrevink.

Gjennom programmet Inspiring Explorers vil dei inspirere nye generasjonar til å gå i dei gamle polarheltane sine spor.

– Eg har hatt kontakt med Antarctic Heritage Trust sidan dei var med over Finnmarksvidda for ti års tid sidan. Vi har vore saman til Nordpolen og over Grønland etter dette, seier Rotmo.

Og han legg til:

Dei har ei unik glede over å ta vare på vår historie i Antarktis. Vi meiner dei gjer dette på ein ekstremt profesjonell måte, og er stolte over å vere ein del av dette teamet.

Interiør i Ernest Shackleton si hytte i Antarktis

Interiør i hytta som briten Ernest Shackleton brukte under Nimrod-ekspedisjonen (1907–1909). Hytta står på Cape Royds i Antarktis, og er ei av mange hytter som Antarctic Heritage Trust har sett i stand.

Foto: Antarctic Heritage Trust

Nigel Watson i Antarctic Heritage Trust seier det slik:

– Dersom unge menneske får kunnskap om kor sårbart Antarktis er, og blir kjende med den utrulege arven etter dei mange polfarane som har utforska området, vil dei i større grad verdsetje det, og med tida bli motiverte til å verne om dette området.

Den seremonielle Sørpolen

Den «seremonielle Sørpolen», med flagga til dei 12 landa som skreiv under Antarktistraktaten i 1959. Dette punktet ligg like ved den geografiske Sørpolen – nokre titals meter frå Amundsen-Scott-basen (USA).

Foto: Eivind Molde / NRK

SISTE NYTT

Siste nytt