Hopp til innhold

Fryktar at framande kan stele geværet hennar

Mariann Vassbotn fryktar jaktvåpen ved ein feil kan hamne i kriminelle miljø. Ho er forskrekka over manglande kontroll på norske flyplassar.

Mariann Vassbotn

Mariann Vassbotn ønskjer strengare reglar når folk skal ha med våpen om bord i fly.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Mariann Vassbotn har hatt med seg jaktrifle på flyet mellom Ålesund og Tromsø i årevis. Med jamne mellomrom reiser ho nordover til mannen sitt heimfylke for å jakte.

Ho er forskrekka over det ho kallar mangelfull kontroll med våpen på flyplassane.

– Det verste som kan skje er at det hamnar heilt fullstendig på avvege og endar opp i eit kriminelt miljø. Det er jo heilt katastrofalt, seier Mariann Vassbotn.

Ho seier ho vanlegvis ikkje får spørsmål verken om å vise legitimasjon eller våpenkort, og sjeldan noko kontrollspørsmål om reglane for å reise med våpen er følgt.

Det er dei ulike flyselskapa som har ansvaret også for spesialbagasjen.

Bagasjetag, Widerøe

JOHANSEN: Det var etternamnet til dottera, 15 år gamle Sara Johansen, som skal ha vore festa til våpenet då Mariann Vassbotn henta det ut i Ålesund.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Våpen sendt i namnet til 15-åring

Sist veke var Mariann Vassbotn og dottera på 15 år igjen på tur til Nord-Noreg. Med i bagasjen hadde ho ein Mauser M18 til å jakte elg, og rifla blei sjekka inn som spesialbagasje i Tromsø.

Då ho skulle hente ut våpenet på flyplassen utanfor Ålesund nokre timar seinare, oppdaga ho at det var etternamnet til 15-åringen som sto på bagasjelappen.

Vassbotn seier ho likevel fekk ut rifla. Heller ikkje denne gongen skal ho ha blitt beden om å vise fram bagasjelapp, legitimasjon eller våpenkort. Ho meiner det viser at uvedkomande enkelt kunne fått tak i våpenet.

– Det er veldig rart at du må bytte ut vatnet ditt før du går om bord i eit fly, men det er ingen som har eit spørsmål om eit stort våpen, seier ho.

Mariann Vassbotn viser fram rifle

Mariann Vassbotn har dei siste åra hatt ein Mauser M18. Den har vore med til Tromsø på jakt mange gonger.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Endrar praksis umiddelbart

Kommunikasjonsdirektør Silje Brandvoll i Widerøe beklagar det som har skjedd. Ho seier alle skal vise fram bagasjelapp med korrekt namn ved uthenting av våpen.

– Dersom ho ikkje blei beden om å vise fram bagasjelapp, så er det prosedyrebrot. Det skal ikkje skje, men menneskeleg svikt kan førekome, og det beklagar vi, seier ho.

Ho forklarer vidare at grunnen til at det blei feil namn på bagasjelappen, er at mor og dotter reiste i lag som gruppe. Då blir spesialbagasjen automatisk sjekka inn på den i gruppa som har det etternamnet som kjem først i alfabetet.

Sjølv om det er ei 15 år gamal jente.

No endrar Widerøe reglane.

– Vi stengjer umiddelbart høvet til gruppeinnsjekk når vi veit at det er registrert transport av våpen på bookinga, seier ho.

Silje Brandvoll, direktør for Kommunikasjon og Samfunnskontakt i Widerøe

Kommunikasjonsdirektør Silje Brandvoll.

Foto: Ola Helness / NRK


Trur folk uroar seg meir på grunn av krigen

Bjørn Harald Øvervold, som er sjef for tryggleik og miljø på Tromsø Lufthamn, seier han trur krigen i Ukraina gjer at ein del flypassasjerar meir urolege.

– Eg kan trygge dei om at våpen blir handtert av autorisert personell og i samsvar med myndigheitskrava. Eg trur rett og slett ikkje dei treng å uroe seg for det.

– Så det er ingen grunn til å tru at våpen kan hamne på avvegar?

– Nei, det er det ikkje. Vi har i alle fall ikkje hatt nokon slike hendingar, seier han.

Sjef for sikkerhet og miljø på Tromsø Lufthavn, Bjørn Harald Øvervold, utenfor flytårnet i Tromsø

Bjørn Harald Øvervold er sjef for tryggleik og miljø på Tromsø Lufthamn. Han trur krigen i Ukraina gjer folk meir urolege.

Foto: Julie Bendiksen / NRK

Håper det blir betre

Mariann Vassbotn har vore jeger i snart ti år, og kjem til å halde fram med turane nordover.

Ho er glad for at Widerøe beklagar det som skjedde, og håper at det blir strengare kontroll på flyplassane når folk reiser med våpen.

– Eg håper at rutinane skal bli betre slik at folk kan kjenne seg tryggare, seier ho.

Mariann Vassbotn

Mariann Vassbotn har vore jeger i ti år. Nyleg var ho i Tromsø igjen for å jakte.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK