Hopp til innhold

Mannskap på 105 må testast etter koronasmitte

105 personar om bord i cruiseskipet «Viking Star» må testast etter at det er påvist smitte blant mannskapet.

Viking Star i Ålesund

Ein person om bord i eit skip i Ålesund er smitta av korona. Etter det NRK erfarer skal det vere snakk om cruiseskipet Viking Star.

Foto: Halvard Alvik / NTB scanpix

Ein person om bord i eit skip i Ålesund er smitta med koronavirus. Reiarlaget Viking Cruises stadfestar til NRK at vedkomande er ein del av mannskapet om bord i cruiseskipet «Viking Star», som har lege i opplag sidan slutten av mars.

Det er uklart kvar personen har blitt smitta.

– Det veit vi ikkje. Det vi veit er at vedkomande tok ein test i sitt heimland før avreise til Noreg, som var negativ. Vedkomande kom om bord i skipet 17. juli og vart då sett i karantene i lugaren sin i 14 dagar, fortel den norske talspersonen for reiarlaget, Jon Mørland, til NRK.

Tok tre testar

Etter ti dagar om bord i cruiseskipet blei personen testa på nytt for korona. Ein test som også var negativ.

– Vedkomande var deretter i arbeid, med minimal kontakt med dei andre i mannskapet. Då personen begynte å føle seg dårleg blei det på nytt teke ein test, fortel Mørland.

Den tredje testen viste at personen er smitta av covid-19. Personen vart testa om bord og sit no isolert i lugaren sin.

Personen er ein del av eit mannskap på 105 personar. Skipet ligg i opplag og mannskapet har vore isolerte i båten under heile opplagsperioden.

Cruiseskipet «Viking Star» ligg i opplag i Ålesund

Om bord i cruiseskipet «Viking Star», som ligg til kai i Ålesund, må dei fleste halde seg inne i lugarane sine i frykt for smittespreiing.

Foto: Tormod Brekke Øye / NRK

Alle dei 105 om bord i båten må no testast for korona.

– Det er både uheldig og kjedeleg at ein av våre medarbeidarar har fått påvist covid-19. Vi håper smitten blir så avgrensa som mogleg, seier Mørland.

Dette er det første registrerte smittetilfellet i sunnmørsbyen sidan 7. juli, opplyser Ålesund kommune.

Les også:

Mistenkjer ikkje smittespreiing i Ålesund

Fungerande kommuneoverlege, Aleksander Linge Sommerdalen, seier at rapportane frå skipet tyder på at dei har gjort eit svært godt arbeid med å hindre meir smitte om bord.

– Vi mistenkjer ikkje smittespreiing frå dette skipet i Ålesund, seier fungerande kommuneoverlege Aleksander Linge Sommerdalen.

Ifølgje reiarlaget har mannskapet ikkje gått i land under opplagsperioden.

– Under koronatida har vi vore svært opptatt av å ikkje få smitte om bord. Det har også vere ekstremt strengt og lite kontakt mellom mannskapet og personar på land desse fire månadene, seier Mørland.

Milde symptom

Personen som er smitta med korona skal ifølgje reiarlaget ha milde symptom. Dei fleste andre av mannskapet held seg også inne på lugarane sine.

– Dei som har arbeid dei må utføre, passar på å halde god avstand til andre, opplyser Mørland.

Skipet har plass til 1500 personar, med passasjerar og mannskap.

Reiarlaget vil ikkje gå ut med kva land den smitta kjem frå.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL