Hopp til innhold

Legevakta ville ikkje koronateste cruisepassasjerar

MOLDE (NRK): Cruisepassasjerar fekk ikkje teste seg etter smitteutbrotet på MS «Roald Amundsen». To legevakter kravde at dei skulle køyre over 600 km heim for å ta koronatesten.

Hurtigrutepassasjerar fekk ikkje teste seg.

Ein uforgløymeleg tur med MS «Roald Amundsen» endte med ein desperat kamp om å få testa seg for Molde-familie.

Foto: Privat

I ein tidlegare versjon av denne saka blei det opplyst at familien måtte køyre i 34 timar for å få teste seg i Molde. Det rette er at familien fekk ta testen då dei kom tilbake til Tromsø etter å ha fått avslag i Lofoten og Bodø.

Ein fantastisk hurtigrutetur til Svalbard fekk ein lite hyggjeleg slutt for familien frå Molde og 383 andre passasjerar om bord i MS «Roald Amundsen».

Maria Garcia, mannen Enrique Limon og dottera Emilia Limon visste ingenting om smitteutbrotet då dei gjekk i land i Tromsø fredag morgon og sette kursen mot Lofoten. Dette var to dagar etter at Hurtigruten fekk beskjed om at ein person om bord hadde fått påvist smitte.

Det var først då familien kom fram til Lofoten at dei skjønte det hadde vore eit smitteutbrot på hurtigruteskipet dei nettopp hadde forlate.

– Vi tok med éin gong kontakt med fastlegen i Lofoten, men vi fekk beskjed om å reise heim til Molde for testing, seier Garcia, som sjølv jobbar som overlege.

– Vi var desperate og slitne

Familien byrja dermed på den lange reisa heim til Molde. Då dei kom til Bodø bestemte dei seg for å prøve å få teste seg der. Også ved denne legevakta fekk dei avslag fordi dei ikkje hadde symptom, og fekk beskjed om å ta kontakt med eigen kommune.

– Vi var desperate og slitne. Det var umenneskeleg å seie at vi berre måtte heim. Vi trengde å teste oss, men fekk ikkje moglegheit.

Bilturen til familien frå Molde for å få koronateste seg tok 34 timar.

Familien frå Molde måtte tilbringe til saman 34 timar i bilen.

Foto: Privat

I Bodø var det heller ingen hotell som ville ta imot dei, på grunn av frykt for koronasmitte. Det var først då dei fekk kontakt med krisetelefonen til hurtigruta at dei fekk hjelp. Løysinga blei då å køyre den vel åtte timar lange vegen tilbake til Tromsø, der dei fekk eit hotellrom og fekk tatt ein koronatest.

Deretter venta ein 20 timar lang køyretur til Molde.

– Den turen var veldig lang, vedgår Emilia Limon, som i frykt for å smitte andre isolerte seg helt under den totalt 34 timar lange bilturen saman med foreldra.

– Følgjer dei nasjonale testkriteria

Vestvågøy kommune i Lofoten svarer at dei følgjer dei nasjonale testkriteria, der testing blir utført på personar med symptom.

– Slik testing er ofte eit ledd i ei smittesporing, og må følgjast i eit kontrollert regime, skriv Hilde E. Holand i Vestvågøy kommune til NRK.

Holand viser til at Lofoten interkommunale legevakt ikkje hadde blitt kontakta av ein annan instans om å utføre testing i samband med mistanke om eller stadfesting av utbrot ved hurtigruteskipet.

Bodø kommune skriv i ein e-post til NRK at saka vil bli undersøkt på tysdag.

Strammar inn

Bjørn Guldvog

Direktør i Helsedirektoratet, Bjørn Guldvåg, er bekymra over smitteutbrotet om bord i MS «Roald Amundsen».

Foto: NRK

69 kommunar i Noreg er omfatta av smitteutbrotet. Hurtigruten stoppar all verksemd med ekspedisjonsskip og måndag stramma norske helsemyndigheiter inn krava for cruiseskip med over hundre personar.

Direktør i Helsedirektoratet, Bjørn Guldvåg, innrømmer at situasjonen er krevjande.

– Det er ekstremt ressurskrevjande med smitteutbrot på eit cruiseskip med tanke på smittesporing, isolering, karantene og testing. Handteringa kan gå føre seg i fleire veker og kan vere belastande for både kommunar og helsetenesta.