Mannen blir avhøyrt

Ein mann i 20-åra er tatt med til avhøyr etter politiaksjonen på Høddvoll i ettermiddag. Politiet fekk inn tips om mannen då han nekta å betale for seg på bussen, samtidig som han såg ut til å ha eit våpen i ein berepose. Han verka også rusa. Politiet visste kvar vedkomande budde og møtte derfor væpna opp. Dei fann både replikavåpen og ein startpistol. Sjølve aksjonen var udramatisk, ifølgje operasjonsleiar Erik Mikalsen. Mannen er tatt inn til avhøyr no. Ifølgje tipsarar skal mange elevar ved Ulstein vidaregåande skule, som ligg rett ved Høddvoll, ha følt at situasjonen var svært ubehageleg.