Hopp til innhold

Mann omkom etter hopp i Sunndal

Ein utanlandsk vengedrakt-hoppar blei i morgontimane fredag funnen omkomen etter eit hopp i Sunndal.

Langrabbpiken og Storkalkinn

Mannen skal ha blitt funnen på ca. 1500 meters høgde i området mellom Langrabbpiken og Storkalkinn, ifølge politiet.

Foto: Ingunn Karijord

Politiet fekk melding om ulykka 03.45 natt til fredag.

– Vennar av mannen hadde kjennskap til at han skulle hoppe og kontakta politiet då dei ikkje høyrde meir frå han. Dei fann bilen hans der han hadde parkert og valde difor å kontakte politiet, fortel Sindre Molnes, operasjonsleiar i Møre og Romsdal politidistrikt.

Funnen fredag morgon

Hopparen blei funnen av eit redningshelikopter på ca. 1500 meters høgde klokka 06.00 fredag morgon.

Hoppulykke i Sunndal

Mannen skal ha blitt funnen på ca. 1500 meters høgde.

Foto: INGUNN KARIJORD

Ifølgje politiet blei mannen funnen i området mellom Langrabbpiken og Storkalkinn. Han blei henta ut av området fredag morgon.

Mannen skal ha vore aleine då han hoppa. Det er så langt ikkje kjent kva som var årsaka til ulykka.

Ei vengedrakt, eller wingsuit som den blir kalla på engelsk, er ei heildrakt. Vengedrakta har vengar som spenner seg frå handleddet og ned til hofta, i tillegg til ein venge mellom beina.

Politiet vil etterforske saka vidare. Klokka 11.30 melder politiet at dei har bekrefta identiteten til hopparen. Dei jobbar vidare med å varsel pårørande. Identitet og nasjonalitet blir ikkje kunngjort før tidlegast måndag.

– Vi vil også avhøyre dei to vennane til mannen, seier Molnes.

Fleire ulykker dei siste åra

Det har vore ein rekke ulykker i det same området sidan 2002. Minst fire personar har omkomme i samband med hopp frå Hårstadnebba dei siste 17 åra.

– Det er tragisk kvar gong det skjer ei slik ulykke. Det har vore ei handfull ulykker i dette området, seier Ståle Refstie, ordførar i Sunndal.

Røfstie seier at det har vore diskutert om dei skal opprette eit hoppeforbod i kommunen, men at det vil vere vanskeleg å handheve eit slikt forbod.

– Dei som vil hoppe kjem alltid til å gjere det. Men vi promoterer ikkje området og ser helst at folk ikkje hoppar der. Dette fordi det er eit utsett og vanskeleg område å hoppe i, seier han.

Det har også vore ein rekke hoppulykker i Møre og Romsdal dei siste åra. I januar 2018 omkom ein mann i 20-åra ved Sørtussen i Eide. 16. juni i fjor omkom ei svensk kvinne etter eit hopp frå Katthammaren i Eikesdal i Nesset og berre nokre få dagar seinare mista ein mann livet under eit hopp frå Litlefjellet i Rauma.

I juli same året omkom ein mann frå Trøndelag etter at fallskjermen hans ikkje løyste seg ut, då han hoppa frå Gammelurkollen i Sunndalsøra.

Hoppulykke