NRK Meny
Normal

Basehoppar funnen omkomen

Ein sakna basehoppar i slutten 20-åra blei funnen omkomen ved Sørtussen i Eide i 03.30-tida seint natt til torsdag. Det var ein hundepatrulje og frivillige som fann mannen.

Sørtussen i Eide

Redningshelikopteret avslutta søket rundt midnatt, men hundepatruljane held fram leitinga og fann mannen omkomen.

Foto: Karl Martin Sandnes

Rundt midnatt avslutta redningshelikopteret for natta. Planen då var at bakkemannskap skulle starte søk igjen torsdag morgon, når det blei dagslys.

Men seks hundepatruljar fortsette søket utover natta, og det var ein av desse som fann mannen.

Då hadde leitinga halde på sidan onsdag ettermiddag. Ein kamerat av den omkomne var då den siste som hadde høyrt frå han, gjennom ei tekstmelding i 12-tida. Då var mannen på toppen av Sørtussen, vel 900 meter over havet.

Omfattande leiteaksjon

I tillegg til eit Sea King-helikopter og hundar var også Røde Kors og Norsk Folkehjelp med i den omfattande leiteaksjonen som blei sett i verk. Eit ambulansehelikopter var og med på leitinga ei tid, men måtte avbryte på grunn av eit helseoppdrag.

Ei alpin redningsgruppe stod også klar, men mørket og skredfaren gjorde det vanskeleg. Det blei meldt om null grader ved Sørtussen natt til torsdag, og slik sett gode leiteforhold. Men samtidig gjorde ulendt terreng det også vanskeleg.

Søket var konsentrert i området nordaust for fjellet, på grensa mellom Eide kommune og Gjemnes kommune. Mannen som er frå Møre og Romsdal hadde gjort eit basehopp. Han blei funnen i Vasskordalen, opplyser operasjonsleiar Erik Mikalsen.

Laster kart, vennligst vent...