Mann køyrde inn i murvegg

På Vigra har ein bil køyrt inn i ein murvegg i natt, ifølge politiet. Føraren i 20-åra stakk av frå staden, men politiet skriv at dei fann han heime i berusa tilstand. Dei tek blodprøve og melder mannen.