Hopp til innhold

Dømt til 11 års fengsel for overgrep mot fleire unge jenter

Ein mann i 20-åra frå Romsdal er dømt for valdtekt og for å få barn til å utføre seksuelle handlingar på video.

Ein rettssal i Møre og Romsdal tingrett. Vi ser riksvåpenet hengje på veggen bak stolen og dataskjermane til dommaren. I forgrunnen, ute av fokus, ser vi nokre stolar og høge bordmikrofonar.

Rettsaka gjekk i Molde i oktober. Mannen sa seg skuldig i alle punkta han var tiltalt for.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit

Fleire unge jenter skal ha blitt utnytta seksuelt eller forsøkt utnytta av mannen i 20-åra.

Mannen frå Romsdal har i mange år vore aktiv på onlinespel og sosiale medium, der han kom i kontakt med tilfeldige unge jenter, heilt ned i 11-årsalderen.

Jentene spelte til dømes Minecraft og hestespelet Star Stable og starta å chatten med mannen. Han skal ha gitt dei kompliment og sagt at han var glad i dei.

I tingretten forklarte dei fornærma jentene at mannen skal ha bede dei om å gjere seksuelle handlingar med seg sjølv og sende bilete og video til han.

«Tiltalte var pågåande og masete i sine ønsker om å få bilete og videoar, men lét som at det var opp til jentene om de ville», står det i dommen frå Møre og Romsdal tingrett.

Saka blei liggande hos politiet

Han blei meld til politiet i 2020, men etterforskinga av han starta ikkje før i 2021 då den blei overført til Møre og Romsdal. Også der blei den liggande i fire månader.

Det har vore ei omfattande etterforsking, der politiet har gått gjennom 190 512 mediefiler. Etter at mannen vart tiltalt har han gjort fleire straffbare handlingar.

I mars 2023 blei mannen pågripen på ny og har sitte i varetekt fram til rettssaka starta i oktober.

Den tiltalte mannen erkjente straffskyld for alle dei 30 forholda i tiltalen, men har ikkje gitt ei tilståing. Han sa i retten at han ikkje huska kva han tok imot av bilete og videoar eller kva han prata med jentene om. Han forklarte at han rusa seg i heile perioden.

Det var Romsdals Budstikke som først omtalte saka.

Fengselsstraff

Retten skriv at talet på fornærma, den låge alderen til enkelte av dei, handlinga si grovheit og omfang, må vege tungt for straffeutmålinga. To av handlingane blir straffa på linje med valdtekt.

Mannen skal også hatt samleie med den eine jenta, som då var 14 år.

Mannen blei i tingretten dømd til 11 års fengsel og må i tillegg betale oppreisingserstatning til sju av dei fornærma.

Han får også inndratt to mobiltelefonar, eit nettbrett, og fleire brukarkontoar på sosiale medium. Mannen får heller ikkje lov å ha brukarkonto på Snapchat på fem år.