Hopp til innhold

Mann blotta seg for drosjesjåfør

Ein mann i 40-åra er dømd til fengsel i 26 dagar for blotting, hærverk og anna krenkande oppførsel.

Ifølgje dommen blotta mannen seg overfor ein drosjesjåfør samtidig som han kom med rasistiske utsegner. I fleire tilfelle gjekk han midt i gata og hindra trafikken, samstundes som han viste fingeren til forbipasserande

Mannen er også dømd for å ha forstyrra ro og orden og for å halde ein kniv i handa medan han ropte og skreik. I tillegg skal han ha spytta ein mann i ansiktet.

I samband med ei pågriping forulempa han også to kvinnelege politibetjentar med å framføre kysselydar og med å imitere seksuelle handlingar.

Den domfelte får sleppe å sone straffa i fengsel om han gjennomfører behandling ved vaksenpsykiatrisk klinikk i Ålesund.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL