Snipp, snipp, snipp, so var det over ✂️
I fire år har Kristin Breivik gått med langt, grå-stripete hår.
No er nesten alt borte. For ei god sak.
Slik var det...
Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRKOg slik vart det. Det er merkeleg, men ikkje ukjend å få kort hår att, fortel Breivik. Frisør Brita Tandsether forsikrar om at ho er langt frå ferdig , og at det er no det skal klippast skikkeleg.
Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRKBreivik har sett fram mot å få donere håret sitt.
Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRKGrått hår er ikkje det mest vanlege å donere til dei som lagar parykkar.
Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRKEtter berre nokre få sakseklipp sit ho att med ein frisyre langt kortare enn den ho kom inn i salongen til Brita Tandsether med.
– Er ikkje dette rart, når du har spara på det i årevis?
– Nei då. Då eg tok avgjerda, so var det gjort. Eg er slik skrudd saman at når eg først har bestemt meg for noko, so gjennomfører eg, seier ho, medan frisøren tek av dei siste lokkane hennar.
For fire år sidan fekk pensjonisten høyre at det var mangel på parykkar av naturleg grått hår.
Det bestemte ho seg for å gjere noko med.
– Det kjennast greitt ut dette her, heilt topp eigentleg. Det er slik eg har tenkt på det desse åra – at håret mitt skal kome til nytte, seier Breivik.
Då var det slutt på langt hår for denne gong. Breivik spøkar med at ho kjem til å spare litt på både varmtvatn og sjampo framover.
Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK
Vil råke dei aller fleste
Dei aller fleste mistar håret ein eller annan gong i livet. Tre av fire menn vil verte heilt eller delvis skalla.
Ved 60 års alder opplev 40 prosent av kvinner hårtap som er «kosmetisk skjemmande», ifølgje Norsk helseinformatikk.
I tillegg kjem dei som mistar håret av cellegift og annan behandling for kreft, noko over 35.000 nordmenn får kvart år (ekstern lenkje).
I tillegg lid kring 100.000 nordmenn av hudsjukdomar som gjev hårtap (ekstern lenkje).
I 2021 innvilga NAV rundt 8700 søknadar om støtte til å kjøpe parykk.
Manglar framleis langt hår
På Apollo hårsenter i Ålesund får dei inn donert hår frå heile landet. Selskapet er den største aktøren i Noreg som formidlar ekte hår som skal bli til parykkar.
Liselotte Ruud Barstad fortel at det ikkje er gråe parykkar dei har størst etterspørsel etter, men at dei heller ikkje får inn so mykje slikt hår.
Då Breivik leverte sitt, var det den einaste posen med naturleg grått hår.
– Men det vi verkeleg manglar, og det som alltid manglar, er desse, seier Barstad og held opp nokre lange, mørkeblonde hår.
Det som alltid manglar er langt hår, uansett farge, fortel Barstad.
Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRKTil senteret i Ålesund kjem hår frå heile landet. Her vert det samla og sendt til dei som faktisk knyter parykkane, ofte i Kina.
Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRKDet trengs gjerne to-tre donasjonar for å lage ein parykk med ekte hår, lik den Barstad held. Alternativet er syntetiske parykkar, slik dei i bakgrunnen er.
Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRKHåpar fleire vil gjere som ho
Etter frisørtimen er Breivik på veg for å treffe nokre vener, men ho er viss på at dei vil kjenne ho att, sjølv med ny frisyre.
Ho håpar at fleire kan finne inspirasjon til å spare på håret ei stund.
– Det er veldig fint om fleire kan tenkje at hår kan vere ein ressurs. Det er jo kjempedumt å berre hive det i søpla.
Etter å ha levert håret sitt, tok ho vare på eska ho frakta håret i – i fall ho skulle få same innfallet igjen.
– Eg håpar at dei som kan få ein parykk som er av mine lokkar også vert nøgde. Og so får vi sjå – kanskje eg sparar ein gong til, det er ikkje godt å vite. Eg er truande til det, seier Breivik og ler.