Hopp til innhold

Henriette gruer seg til frisør-rekninga når ho blir 30 år

25-åringen har mista håret flekkvis og er avhengig av parykk. Om fem år må ho bruke sparepengar visst ho skal ha råd til parykken ho vil ha.

Henriette Olsson Hareide

Henriette Olsson Hareide har hudsjukdomen alopecia, som gjer at ho mistar håret.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

– Før var vinden min verste fiende, for då kom flekkane mine fram. No er det ikkje noko problem, smiler Henriette Olsson Hareide frå Ulsteinvik.

Ho sit i frisørstolen i Ålesund og har fått ny parykk. Det er vanskeleg å sjå at det lange, brunraude håret ikkje er hennar eige.

Henriette Olsson Hareide saman med frisør Reidun Høybakk

Henriette får gode råd av frisør og hårspesialist Reidun Høybakk ved Apollo hårsenter.

Foto: Jonas Otneim / NRK

Oppdaga hårlaus flekk

Då ho var 12 år oppdaga ho sin første hårlause flekk i bakhovudet. Det viste seg at det var hårsjukdomen alopecia, men sidan flekken var så liten og lett å kamuflere, fekk ho inga behandling. Først då ho blei gravid som 23-åring, eskalerte hårtapet og ho måtte bruke to timar kvar morgon for å dekke over dei hårlause områda. Ho kunne heller ikkje ta medisinar på grunn av babyen.

– Plutseleg miste eg mykje på kort tid, og då bestemte eg meg for at no treng eg parykk. Det gjekk ikkje an å gå utan, seier Hareide.

Henriette Olsson Hareide har hårsjukdomen Alopecia

Henriette har delvis mista håret. Til vanleg brukar ho parykk.

Foto: privat

Gruar seg til 30-årsdagen

Ho blei overraska over kor mange val ho hadde, men også over prisane. 23.000 kroner er prisen for ein parykk som berre varer eit halvt år. Så lenge ho er under 30 år, får ho dekt inntil 50.000 kroner i året. Etter det blir stønaden redusert til 5725 kroner i året. No gruar ho seg til 30-årsdagen.

– Det er jo ikkje slik at dei over 30 år har mindre behov for å føle seg fin, seier Henriette, som fryktar at ho må bruke mykje av løna si til parykk i framtida.

Henriette Olsson Hareide

Vind er ikkje lengre etter problem for Henriette Olsson Hareide. Før var ho redd for at flekkane der ho mangla hår skulle vise.

Henriette Olsson Hareide saman med frisør Reidun Høybakk

Henriette Olsson Hareide får gode råd av frisør Reidun Høyberg

Parykk ved Apollo hårsenter

Det finst eit stort utval av parykkar

Henriette Olsson Hareide

Henriette får dekt parykk til 25.000 kroner to gongar i året

Henriette Olsson Hareide

Henriette har ein parykk som krev mykje stell. Den kan ho både glatte og krølle slik ho ynskjer sjølv.

Krev høgare satsar

Oda Molstad i Alopeciaforeningen

Oda Molstad er leiar i Alopeciaforeininga.

Foto: Privat

Oda Molstad er leiar i Alopeciaforeininga. Ho er sjølv 29 år og har ein eigen sparekonto til parykk, fordi ho veit at stønaden ho får ikkje vil dekke utgiftene.

– Problemet er at prisen på parykkar har auka vesentleg dei siste åra, men stønaden er ikkje regulert i samsvar med det, seier Molstad. Foreininga meiner at satsane må aukast for dei over 30 år.

Forstår problemet

Det er viktig å understreke at også personar over 30 år får støtte til parykk, seier statssekretær i Arbeids og inkluderingsdepartementet., Truls Wickholm.

Han seier at det kan stemme at prisane på parykkar har auka dei siste åra, utan at satsane har auka i takt med prisstiginga.

Arbeidarpartiet var kritisk til denne måten å gjere det på. Korleis utviklinga blir vidare, er noko vi må komme tilbake til i samband med dei årlege budsjetta, seier Wickholm.

Får donorhår
Reidun Høiberg ved Apollo hårsenter

Det finst ulike typar parykkar, seier Reidun Høybakk. Kreftpasientar og eldre folk vel ofte syntetiske, fordi dei ikkje har energi til å stelle parykken.

Foto: Jonas Otneim / NRK

Frisør og hårspesialist ved Apollo hårsenter, Reidun Høybakk, forstår at Henriette gruar seg til å få mindre støtte til parykk.

– Parykk kostar ein del. Spesielt unge jente vil ha litt lengde på håret og vere ungdom og då ligg det på nærare 25.000 kroner, seier Høybakk.

Om nokre månadar får 25-åringen ny parykk. Dette er ein donorparykk, laga av ekte hår. Ho har også begynt å få tilbake litt hår.

– Eg får jo litt trua då, men det er uføreseieleg. Den eine dagen kan det komme tilbake og neste dagen kan eg miste det, seier Henriette.

Henriette Olsson Hareide har hårsjukdomen Alopecia, som gjer at ho må bruke parykk.

Henriette Olsson Hareide gruar seg til ho blir 30 år og forstår ikkje kvifor stønaden til parykk skal vere så mykje lågare frå den alderen.

Foto: Jonas Otneim / NRK