Har du sett ein nyklipt ven poste eit bilete av ny frisyre på eit sosialt medium? Truleg.
Har du sett ei melding om at håret som blei klipt av, nå skal bli parykk? Det har du kanskje også.
Å bli hårdonor breier nemleg om seg. Fleire tusen har klipt seg for at nokon andre skal få hår.
Fleire sjukdommar og tilstandar kan føre til at ein mistar håret. Mange kreftpasientar som tar cellegift mistar håret heilt eller dels, det same gjer personar med hårtapssjukdommen alopecia.
Mange vil gi bort håret sitt
Det mest vanlege er parykk av hår frå ein fabrikk eller frå andre kantar av verda.
Apollo hårsenter er med sine 19 avdelingar den største aktøren som tar imot hår i Noreg, og får laga parykkar av det. Til Apollo kjem nemleg ikkje folk som vil klippe håret, men har mista det.
– Fleire ønsker seg ein parykk av donorhår. Då får ein skandinavisk hår, ikkje kinesisk eller syntetisk hår, seier Laura Vea Sørland, avdelingsleiar ved Apollo i Sandnes.
Laura Vea Sørland, avdelingsleiar ved Apollo hårsenter i Sandnes.
Foto: Eirik Gjesdal / NRKApollo starta å ta imot hår frå donorar i Noreg i 2017. Etter ein kampanje i 2019 kom endå meir.
– Nå har #hårdonor eksplodert, seier Sørland.
Kjedeleiar Olav Midtgarden trur det kan vere opptil 10.000 personar som har gitt dei hår. Og sidan det også er nokre mindre som gjer det same som Apollo, er talet i realiteten høgare.
Til ein parykk trengst hår på minst 25 centimeter. Håret kan heller ikkje vere farga eller bleika.
I salongen i Sandnes har Sørland fleire skuffar med avklipte hårtjafsar som folk har gitt dei.
– Vi har fått mykje både blondt, mørkt, raudleg og mellomblondt hår, seier ho.
Skuffar med hår som folk har gitt bort til Apollo. Det tar om lag tre månader å få laga ein parykk, sjølv om det under korona har tatt opp mot eit halvt år.
Foto: Eirik Gjesdal / NRKMange som brukar parykk, vil ha ein som liknar håret dei ein gong hadde. Men eitt parykkønske vil Sørland slite med å etterkome.
Det har å gjere med kva dei som har hår, gjer med det.
For når såg du sist nokon med langt, grått hår?
Vil gi folk håret dei vil ha
– Kvinner som sparer til langt hår, har som regel ikkje grått hår. Dei fargar det, eller dei klippar det kort, forklarar ho.
Difor er det ikkje særleg mange grå parykkar hos Sørland.
Ein parykk med hår frå Noreg kostar meir enn ein parykk med utanlandsk eller syntetisk hår. Difor er det flest med langvarige hårsjukdommar som kjøpar dei.
Foto: Eirik Gjesdal / NRK– Men alle som kjem hit og treng hår, skal få det dei ønsker.
Sørland håpar fleire grå donorar vil melde seg.
– Kvinner, og sjølvsagt og viss det skulle vere menn, med langt, grått hår må vite at håret kan gjere nytte for seg, seier ho, og legg til:
– Og om det er kortare, ta kontakt. Vi tar det dei har, seier ho.
Apollo-kjeda klipper ikkje hår, men samarbeider med frisørar som gjer det. Sjølv om håret kjem frå Noreg, blir parykkane laga i utlandet.