Hopp til innhold

Unge flyttar festen ut i fjellheimen i påska

Skianlegg fleire stader i landet melder om full gass når skibakken stengjer. Avhaldsorganisasjon er ikkje veldig glad for det.

Hermine Dalsøren, Snorre Ruud Valen og Lonita Lillerovde

Hermine Dalsøren (til venstre), Snorre Ruud Valen og Lonita Lillerovde på fest påskeaftan.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Det er ikkje berre i bakken skikøyrarar boltar seg i påska. Stadig fleire skianlegg satsar på at skifolk skal svinge innom festen på afterski. På menyen står øl, vin og sprit.

– Eg står ikkje på ski, eg går berre på afterski, det er det gøyaste, ler Hermine Dalsøren (22).

Med ein halvliter øl i handa sit ho og vennegjengen rundt bordet i afterski-teltet på Strandafjellet laurdag ettermiddag. På scena står ein trubadur og syng av full hals.

– Eg synest det er perfekt å kunne kome tilbake etter ski og ha det gøy med vener og familie her, ropar Snorre Ruud Valen (21).

🐥 Det beste med påska er...

La skifer og slukar i golvet

Skianlegget på Strandafjellet på Sunnmøre starta med afterski for tre år sidan og opplevde fort at det blei for trongt. Nytt av året er eit stort partytelt.

I gamledelen har dei lagt skifter og slukar i golvet og er førebudde på det meste.

– Det er for å få ein plass der folk kan boltre seg. Det er høg partyfaktor og viktig med eit golv der vi lett kan spyle og få vekk alt sølet, seier marknadssjef Mari Riksheim.

Mari Riksheim

Marknadssjef Mari Riksheim seier dei har brannslange på veggen og spylar lokala kvar kveld.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Ho seier det er mange som dansar på borda og sølar ned øl, snus og rot utover kvelden.

Leiger inn politifolk og sjukepleiar

Men det kan bli uro når mange samlar seg til fest rundt skianlegga.

Utestaden Laaven i Trysil har leigd inn to politifolk og ein sjukepleiar som saman med dei tilsette sørgar for at festane på ettermiddags- og kveldstid går bra.

– På langfredag hadde eg nesten 4000 gjestebesøk på eitt døgn. Då er det openbert at ein eller to personar er uheldige og blir viste bort, men det er minimalt. Vi har hatt utruleg lite skadar, lite bråk og tull, eg trur det aldri har vore mindre, faktisk, seier dagleg leiar Tommy Åsheim til NRK.

Tommy Åsheim, daglig leder på Laaven, i pels og rosa caps underholder i Trysil påsken 2024.

Tommy Åsheim på Laaven i Trysil seier festfolket oppfører seg bra.

Foto: Even Baardseth

– Tredobla besøkstal i påska

Dagleg leiar Steffen Eggesvik på Gaiastova på Hafjell seier besøkstala blir tre gonger så høge i påska.

– Dessverre er det sånn at når ein samlar mange tusen menneske for fest, så er det nokre «bad apples» og nokon som har fått i seg for mykje og er nøydde å ta kvelden tidlegare enn tenkt. Men talet på hendingar er langt under normalen dersom ein samanliknar med ei vanleg natt på byen, seier han.

hafjell (8)

Det blei ikkje spart på alkoholen under afterski-arrangementet på Hafjell langfredag.

Foto: Anne-Joo Cecilie Naomi Schrøder Lexander / NRK

Pål Andvord, dagleg leiar av Beitostølen Barcraft vedgår at nokre truleg droppar skia og går rett på fest.

– Hehe, det er nok ein del av dei også, ingen tvil om det. Men kva dei gjer før dei kjem hit har eg ikkje stort med, seier han, og legg til at dei har profesjonelle bartenderar og vektarar som passar på.

Afterski på Hovden

Afterski på Hovden påskeaftan. Ann Torill Briksdal i Hovden Alpin Resort seier dei har 12 profesjonelle vakter til stades i tillegg til eigne tilsette.

Foto: Hovden Alpin Resort

Les også Full fest på Hafjell etter Freddy Kalas-avlysning

Karoline Halvorsen og Sarah Foldvik danser på bordet utenfor Gaiastova.

Juvente: Må ikkje drikke alkohol

Den rusførebyggande organisasjonen Juvente likar dårleg at folk hamnar på fest, i staden for å vere på ski og nøye seg med det.

– Afterski er ein tradisjon som er med på å skape ein kultur der alkohol må vere med i biletet for at du skal vere inkludert, seier André Thomassen Haugen, styreleiar i Juvente.

– Vårt bodskap er at ein kan dra på afterski for å ha det gøy, utan å måtte drikke alkohol.

André Thomassen Haugen

Styreleiar André Thomassen Haugen i Juvente vil at folk skal gå på afterski utan å måtte drikke alkohol.

Foto: Juvente

Les også Behandlet 50 skader knyttet til afterski i påsken

Bruddskade i Hemsedal i påsken 2023

Festar til dørene stengjer

Vennegjengen på Strandafjellet kom like etter at dørene opna laurdag ettermiddag, og går ikkje med det første.

Alfred Gjelseth er strålande fornøgd med å ha hamna rundt bordet.

– Det er heilt nydeleg. Det er ingenting som slår pils etter ein dag på ski.

– Men er det ikkje litt usporty å kombinere drikking og friluftsliv?

Eg tenkjer det er ein fin kombinasjon. Å vere litt aktiv tidleg på dag, og nyte ei pils etterpå, seier han.

Hermine Dalsøren går ikkje heim med det første og har bestemt seg for å halde ut.

– Til det stengjer, ler ho.

Ask Rekkedal og Alfred Gjelseth etter skitur

Det blir fort litt søling når ølet kjem i muggar og festen er i gang. Ask Rekkedal og Alfred Gjelseth tek det med godt humør.

Foto: Synnøve Hole / NRK