Hopp til innhold

Mange måtte heim frå byen

Den siste natt til søndag i mai var uvanleg travel for politiet i Møre og Romsdal.

Politi

Seks menn og ei kvinne er vekkviste frå Ålesund sentrum i løpet av natta.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

I Kristiansund vart ein bil stoppa for kontroll i sentrum klokka 2340. Føraren vart meldt til politiet for køyring i rusa tilstand, og det utan førarkort.

Ein annan mann vart kontrollert av politiet i Kristiansund sentrum. Han blir meldt for å ha narkotika på seg. Ein tredje mann vart vekkvist frå sentrum i nordmørsbyen på grunn av ordensforstyrring.

Måtte sendast heim

I Molde vart fleire overstadig rusa personar sendt heim av politiet. Ein mann vart tatt for aktlaus bilkøyring i sentrum.

I totida kom to menn i 20-åra i klammeri utanfor ein utestad i Kristiansund sentrum.

Slått i ansiktet

I Molde vart ein mann slått i ansiktet utanfor ein utestad. Han som stod bak blir meldt til politiet.

Like før klokka tre vart to menn viste vekk frå Nordlandet i Kristiansund, etter ordensforstyrring.

På Sjøholt i Ørskog nekta ein mann i femtiåra å godta pålegg frå politiet. Han vart tatt med til arresten i Ålesund.

Slag og lugging

I Ålesund melde ei kvinne at ho hadde blitt slått og lugga av ei anna kvinne på ein utestad i sentrum.

Ho vil melde saka til politiet.

Aggressiv på sjukehuset

I tretida var ein utanlandsk rusa mann til behandling på akuttmottaket ved Ålesund sjukehus. Han vart aggressiv, og slo etter dei tilsette. Mannen vart pågripen og sett i arrest.

I Ålesund vart ein rusa tenåring meldt for roping, skriking og for å ha kome med forulempande tilrop til politiet.

Det har vore heile fem episodar der folk har blitt vekkviste frå Ålesund sentrum på grunn av ordensforstyrring. Til saman er seks menn og ei kvinne vekkviste.