Hopp til innhold

Mange har skrive under

I Haram har 2700 personar i eller utanfor kommunen skrive under på oppropet Nei til tvang. Aksjonen blei starta på grasrotnivå, og er ein protest mot prosessen som inneber at Haram blir slått saman med stor-Ålesund med tvang. Aksjonsgruppa ønskjer å få kome til Stortinget 5.april, mellom anna for å overlevere underskriftene.

Underskriftsaksjon mot tvangssammenslåing i Haram
Foto: Trond Vestre / NRK