Hopp til innhold

Entreprenørar frå fjern og nær ser moglegheiter i Nordøyvegen

Byggjestarten for Nordøyvegen til 3,4 milliardar kroner er ikkje langt unna. Tysdag møtte tretti entreprenørfirma opp for å sjå nærare på storprosjektet.

Byggestarten for Nordøyvegen til 3,4 milliardar kroner rykker stadig nærare, og i dag inviterte Statens vegvesen entreprenørbransjen til det første informajsonsmøtet om kva oppdrag som kan vere i vente under utbygginga. Går alt etter planen tek den seks år lange utbygginga til i oktober.

Ei lang rekkje entreprenørfirma møtte opp då Statens vegvesen informerte om Nordøyvegen.

Marianne Nærø

Marianne Nærø er prosjektleiar i Statens vegvesen.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

– Det er jo viktig for oss å få flest mogleg entreprenørar ti å rekne på anboda slik at vi får dei beste prisane, seier prosjektleiar Marianne Nærø i Statens vegvesen til NRK.

Vegvesenet inviterte entreprenørbransjen til det første informasjonsmøtet om kva oppdrag som kan vere i vente under utbygginga av Nordøyvegen. Nær 30 ulike firma – frå inn- og utland – møtte opp.

Gaetano Germani

Gaetano Germani representerer eit selskap med 3500 tilsette.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

– Det er ei stor utfordring, eit fint prosjekt i eit fint land og fine omgjevnader. Men det er teknisk utfordrande, seier Gaetano Germani, avdelingsleiar i Salini Impregilo.

Italienaren representerte eit globalt selskap med heile 35.000 tilsette, og no er firmaet eitt av fleire som ser moglegheiter på Nordøyvegen.

Uklar startdato

Prosjektet har fått ein prislapp på 3,4 milliardar og etter planen skal den seks år lang utbygginga starte til hausten. Om det går er førebels uklart.

– Vi jobbar for fullt med kontraktane, men er avhengige av at bompengeproposisjonen er ferdigbehandla i Stortinget før vi kan lyse ut. Vi håper framleis at den blir behandla i vårsesjonen slik at vi kan setje spada i jorda til hausten, seier Nærø i Vegvesenet.

Nordøyvegen skal gi ferjefritt samband for 10.000 menneske i kommunane Haram og Sandøy.

– Komplekst

Det skal bli i alt tre undersjøiske tunnelar, to rundkøyringar, tre bruer og store sjøfyllingar. Interesserte entreprenørar meiner sambandet kan bli svært utfordrande å bygge.

– Det er klima, komplekst med bru, tunnel, veg, trafikk og logistikk. Det er mange ting, seier Kåre Dahle, prosjektleiar i KA Aurstad.

Dei heilt lokale entreprenørane ser òg moglegheiter i sambandet.

– Her har vi entreprenørar som kan tilby grave- og sprengetenester, og så blir det heilt sikkert behov for overnatting- og transporttenester, seier Karstein Opstad, dagleg leiar i Opstad Maskin AS.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL