Hopp til innhold

Magne Hoseth er ferdig i Lyngby etter 50 dagar: – Kom overraskande

For berre 50 dagar sidan blei Magne Hoseth tilsett som trener i den danske superligaklubben Lyngby. No kallar klubben tilsettinga ei «feilvurdering».

Magne Hoseth

TRENAR: Magne Hoseth blei tilsett for å vere trener for det danske laget Lyngby. Det varte berre i 50 dagar. Sjølv skulle han ønske at han fekk meir tid til å skape endring.

Foto: Claus Bech / NTB

I ein uttale på nettsida si beklagar klubben situasjonen.

– Lyngby Boldklub beklagar og håper på forståing frå fansen og omverda, i tillegg til Magne Hoseth, skriv klubben.

– Kom overraskande

Hoseth blei presentert som ny Lyngby-trener 11. januar i år. Då signerte han ei kontrakt som skulle vare fram til sommaren 2026.

Men han rakk berre å leie det danske laget i to kampar. Begge enda med tap. Derimot vann dei den første treningskampen der Hoseth debuterte som trenar.

Magne Hoseth

Magne Hoseth kom frå jobben som hovudtrenar i den færøyske klubben Klaksvik.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB

Hoseth seier til NRK at han fekk vite om avgjerda berre nokre timar før det blei offentleggjort i dag.

– Eg hadde veldig fine møter i går og gjekk på jobb i dag med god energi. Eg hadde laga ein plan for vegen vidare, så det kom overraskande.

– Først blir du veldig sett ut, så blir du overraska og så må du berre gå vidare.

Trenaren trur han hadde greidd å skapt ei utvikling i klubben, hadde han fått meir tid.

– Det er vanskeleg å gjere ei forandring, spesielt i ein klubb som har hatt ein type spelarstil over ein lengre periode. Eg blir henta inn av styret for å endre denne, men så vil det vere ein prosess som tek lang tid. Den tida fekk eg ikkje. Dei blei fort utolmodige og då blei det slik, seier Hoseth.

Han fortel at det er frustrerande å ikkje få meir tid til å prøve og skape ei forandring i klubben.

– Å bli dømt etter 50 dagar, uansett arbeidsliv, er heilt sinnssjukt. Styret måtte ta nokre val. Eg forstår det ikkje, men eg respekterer det.

Samtidig takkar han troppen, staben og leiinga i Lyngby for opplevinga og sjansen han fekk, og ønskjer dei alt godt framover.

Les også Avslører kvifor Hoseth fekk Klaksvík-jobben

Magne Hoseth

– Ingen stoppar

Hoseth kom frå jobben som hovudtrenar i den færøyske klubben Klaksvik. Der hadde han stor suksess og var mellom anna med på å leie klubben til den tredje kvalifiseringsrunden i Meisterligaen.

Han har også vore assistenttrenar for Kristiansund BK og spelt for lag som Molde FK, FC København, Vålerenga, Stabæk og Viking.

Hoseth fortel at den korte tida i Lyngby ikkje kjem til å stoppe han i å satse vidare på trenarkarrieren. No skal han ta nye trenarkurs, før han og familien etter kvart returnerer til Noreg.

– Dette er berre ein fartsdump på vegen min vidare. Eg har tru på det eg står for som trener. Det skal ikkje gå for lang tid før eg er tilbake i trenarstolen igjen.

Les også Audmjukar europeiske storlag – lever av å selje norsk frosenpizza

zfJTw5TsNTY

«Feilvurdering»

I ei pressemelding opplyser klubben at avgjerda om å avslutte kontakta til Hoseth ikkje hadde noko med resultata å gjere, men at det var ei «feilvurdering» frå klubben si side.

Leiinga og eigarane i klubben skriv at feilen utelukkande ligg hos dei og at dei beklagar.

– Vi er frykteleg lei oss for denne situasjonen. Det er utelukkande vi, som kan få kritikk for dette, og vi gjer alt for å hjelpe Magne og hans familie vidare. Det er vi som har tatt han ut av ein god jobb og fått familien hans til Danmark. Dermed må det vere vi som tek ansvaret, seier Lyngby-direktør Andreas Byder i ei pressemelding.

Lyngby ligg på ein niandeplass i den danske superligaen etter 19 serieomgangar.

Avgjerda er ført og fremst grunngitt i manglande støtte, både frå det andre trenarteamet og troppen, står det i pressemeldinga.

– Utan den hadde det nesten vore umogleg for klubben si leiing og eigarar å gjere noko anna enn å reagere no, vel vitande om at det utanfrå kan sjåast som drastisk og alt for raskt.

NTB har vore i kontakt med dagleg leiar i den norske trenarforeininga, Geir Åge Olsen. Han ønsker på noverande tidspunkt ikkje å gi kommentarar rundt Hoseth sin avgang.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL