Hopp til innhold

Avslører kvifor Hoseth fekk Klaksvík-jobben

Magne Hoseth (42) gjer enorm suksess som trenar i KÍ Klaksvík. No lettar klubbformannen på sløret om kvifor dei valde ein umerittert nordmann.

Magne Hoseth

EVENTYRLEG SUKSESS: Magne Hoseth har gjort KI Klaksvík til eit lag som er å rekne med i europeisk samanheng.

Foto: Anders Skjerdingstad / NRK

Fordi han var hurtig på avtrekkjaren, seier Tummas Lervig.

Han er formann, som det framleis heiter på Færøyane, i den beste fotballklubben på øya. KÍ Klaksvík har lenge hatt ein ambisjon om å komme inn i eit europeisk gruppespel.

No har dei klart det, og det med ein norsk trenar som aldri hadde hatt ein hovudtrenarjobb då han vart tilsett i klubben på seinhausten i fjor.

No avslører klubbsjefen at det eigentleg var litt tilfeldig at valet fall på Kristiansunds assistenttrenar.

Vi snakka med mange, og så fekk vi fatt i Magne, seier Tummas Lervig.

– Må vere bestemt

Og det var altså Hoseths raske svar som vart avgjerande for at han fekk jobben.

Han fekk nokre timar, sa han kunne svare innan den og den tida, og eg trur det tok 23 timar. Så fekk vi ordna kontrakten, smiler Lervig.

Av og til så må du vere bestemd. Når du er bestemd og viser engasjement kan det vere nok til å bikke jobbintervjuet i din favør, og det gjorde det denne gongen. Det er kjekt. Alt etter det har vore ei suksesshistorie, seier Hoseth, som stadfestar Lervigs framstilling.

Eg fekk ein førespurnad i november, 24. november, om det kunne vere aktuelt å komme til Klaksvík. Dagen etter tok eg eit møte med styret og 24 timar etter det, så skreiv eg under kontrakt, seier han til NRK.

Eit familieråd vart avgjerande. Då kona sa ja til at mannen kunne dra ut på eit eventyr, var ikkje Magne Hoseth i tvil.

qdKREB-zEfs

UTRULEG: Supporterane tek seg til hovudet og trur knapt det dei ser når Klaksvík slår det eine storlaget etter det andre.

Foto: Jens Kr. Vang / NTB

– Overraska

No har han, saman med tidlegare Molde-kollega Daniel Berg Hestad, sendt både Häcken og Ferencvaros ut av meisterligakvalifiseringa.

Som om ikkje det var nok, fekk Molde unngjelde på Torsvöllur i Thorshavn i det første oppgjeret i den tredje runden i kvalifiseringa. Med ein 2-1-siger har Klaksvík eit godt utgangspunkt før returen på Hoseths gamle heimebane tysdag kveld.

Arni Frederiksberg vart den store helten for Hoseths mannskap, med begge måla då Klaksvík snudde frå 0–1 til 2-1:

– Eg har det godt her og trivst. No har vi nokre fantastiske opplevingar vi kjem til å få fram til desember, så eg kjem ikkje til å dra herfrå, seier tomålshelten.

At eit amatørlag frå Færøyane gjer det så bra, går ikkje upåakta forbi ute i Europa. Frederiksberg, som har pøst inn mål i meisterligakvalifiseringa, trur ikkje Klaksvík får behalde trenaren lenge.

Vi vart alle litt overraska over at han ikkje vart verande i Ferencvaros (Budapest) etter kampen der, då trenaren deira fekk sparken, seier Frederiksberg til NRK.

Ja, det var fleire av spelarane mine som sa det, stadfestar Hoseth.

– Blir ikkje her for alltid

Klaksvíks stjerne, Vegard Forren, spår også Hoseth ein stor trenarkarriere.

Han har jobba seg sakte, men sikkert opp, og lært mykje der han har vore i Kristiansund. Han er tøff. Eg har sagt til alle som trur han er snill med meg fordi vi er kompisar, at dei tek feil. Det er vel ein av dei eg har fått mest kjeft av, seier han, og held fram.

Han er dyktig og er offensiv i tankegangen. Han er veldig flink med spelaren på tomannshand.

Derfor konkluderer Forren:

Han blir ikkje her for alltid, det blir han ikkje.

Formann Lervig håpar Magne Hoseth vil forlengje kontrakten som strekkjer seg ut neste sesong, men er førebudd på at nordmannen forsvinn til ein større klubb etter Europa-suksessen.

Det er opp til han. Det er mange ting som kan forandre seg i desse dagar. Vi snakkar om det, stadfestar Lervig.

Klaksvik

FORNØGD: KI-formann Tummas Lervig er glad han enda opp med Magne Hoseth som trenar, men innser at nordmannen kanskje ikkje blir lenge i jobben.

Foto: Michael Erichsen / BILDBYRÅN

– Så lenge dei vil ha meg

Men skal vi tru Magne Hoseth sjølv, er det faktisk ingen fare for at han forsvinn.

Eg har det veldig bra her. Eg skal vere her så lenge dei vil ha meg, seier han nemleg til NRK.

Så lenge dei vil ha deg, det kan bli mange år, då?

Det kan bli veldig, veldig mange år.

I neste andedrag ser ikkje Hoseth bort frå at han etter kvart kan byte beite. Men å gå til til dømes Ferencvaros no, seier han ville vere uaktuelt sjølv om tilbodet hadde komme.

Det er nok eit litt for stort steg. Eg er veldig oppteken av å ta rette steg og gå til rette klubbar, som har den same filosofiske framstillinga av fotball som eg har og same verdigrunnlag som eg har. Eg berre koser meg no, seier 42-åringen frå Averøy.

Returoppgjeret blir spelt i Molde på tysdag. Trass i sigeren på Færøyane, blir det ikkje teke av i Klaksvík.

– Å reise til Aker (Stadion) med det utgangspunktet her, det er eit godt utgangspunkt. Så veit vi at det blir mykje tøffare dei 90 minutta som vi får der. Det er framleis Molde som er favorittar, kanskje 85/15 sjanse til dei, seier Forren.

Siste nytt

  • Cofidis sviktet – Uno-X enda nærmere World Tour-plass

    Dersom Cofidis hadde som mål å ta igjen de 401 poengene opp til Uno-X på rankingen, var de helt avhengige av å hente hjem en topplassering fra Tour of Guangxi.

    Lørdag morgen endte Sylvain Moniquet fra det franske laget på 19.-plass som deres best plasserte rytter. Det plasseringen har han også sammenlagt.

    Moniquet dro ikke inn noen poeng, da han kom inn halvminuttet bak vinner Paul Double.

    Det skal nå veldig mye til for at Cofidis stikker av med sammenlagtseieren foran søndagens småkuperte etappe.

    Vinneren av Tour of Guangxi mottar 300 WorldTour-poeng. En eventuelt 19.-plass gir ikke mer enn 20 poeng i kassa.

    Foruten søndagens avslutning i Guangxi gjenstår Japan Cup og temporittet Chrono des Nations før rankingen avsluttes. Uno-X har sendt Søren Wærenskjold og Carl-Frederik Bévort til Frankrike for å maksimere poengfangsten.

    Jørgen Nordhagen (Visma | Lease a Bike) ble nummer fire på etappen.

    Thor Hushovd Uno-X Mobility
    Foto: Yann Valerievich Belov / NRK
  • Crystal Palace-treneren bekrefter: Liverpool-aktuelle Marc Guéhi forlater klubben neste sommer

    Crystal Palace-trener Oliver Glasner bekrefter at midtstopper Marc Guéhi, som i sommer var nære på å signere med Liverpool, forlater klubben neste år.

    – Jeg tror Marc allerede har fortalt oss at han ikke vil signere en ny kontrakt, så han forlater klubben neste år, sier Glasner på en pressekonferanse i forkant av oppgjøret mot Bournemouth, ifølge Sky News.

    Liverpool forsøkte i sommer å hente Guéhi fra Crystal Palace, men overgangen strandet i siste liten.

    en mann i sportsuniform
    Foto: Matthew Childs / Reuters / NTB
  • Historisk Ohtani-show sendte Dodgers til World Series

    Shohei Ohtani sto for en uhørt prestasjon med ti strikeouts og tre homeruns da Los Angeles Dodgers slo Milwaukee Brewers 5-1 og tok seg til World Series

    Japanske Ohtani er uten sidestykke i baseball som en av veldig få i historien som både utmerker seg som kaster og slagmann, og Ohtani nektet Brewers poeng i de seks omgangene han fullførte, med ti strikeouts.

    Dodgers vant semifinalen i fire strake kamper og kan bli første lag som forsvarer Major League Baseball-tittelen siden New York Yankees vant sin tredje strake for 25 år siden..

    en baseballspiller i blå uniform
    Foto: Ashley Landis / AP / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal