Lurte unna skatt og moms

Ein nordmøring i 50-åra er dømt til fengsel i seks månader for å ha lurt unna skatt og moms for over 1,2 millionar kroner. Mannen har drive sitt eige firma, utan å rapportere inn alt han har tent. Retten ser alvorleg på at bedrageriet har pågått i fleire år, men mannen får strafferabatt fordi han vedgjekk alt i retten. I tillegg til fengselsstraffa må han betale 50 000 kroner til staten.