Hopp til innhold

Snart kan du leike deg i splitter ny klatrepark

Som den einaste av sitt slag i Møre og Romsdal, er klatreparken i Valldal snart klar til bruk. Og alt går føre seg fleire meter over bakken.

I Valldalen står ein ny attraksjon snart klar til å bli tatt i bruk. Det er den eineste av sitt slag i Møre og Romsdal, og alt foregår fleire meter over bakken.

Sjå TV-reportasjen frå den nye klatreparken i Norddal på indre Sunnmøre.

Erlend Hjelme

Erlend Hjelme har bygd ein eigen klatrepark heime på garden i Valldal. Men meininga er sjølvsagt at andre skal få bruke han også.

Foto: Øyvind Berge Særbjørnsen / NRK
Klatrepark

Desse balanserande føtene tilhøyrar næringssjef Toralv Klokkehaug i Norddal kommune.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Mellom trea og elva på Hjelme i Valldalen strekker det no seg ei splitter ny løype med store og små utfordringar.

– Det er først og fremst for familiar. Vi har løype for toåringar, men også andre med meir utfordringar for vaksne. Det er eigentleg for alle, seier dagleg leiar Erlend Hjelme.

Nærmar seg opning

Parken, som det kosta om lag fire millionar kroner å bygge, har ei løype på nesten 600 meter der ein kan klatre i tre, gå på line og slenge seg av garde høgt over bakken i ei line.

Erlend Hjelme har fått med seg far sin, som er grunneigar, til å satse på prosjektet. Draumen om å tilby dette til andre har vore der lenge.

– Det har vore mykje jobb å kome dit og mykje planlegging, men det er godt å sjå at det nærmar seg opning, seier han.

– Eit kjempefint tilbod

Forutan hjelp og støtte frå familien, har også Innovasjon Norge og Norddal kommune bidratt økonomisk. Næringssjef Toralv Klokkehaug er svært entusiastisk på vegner det siste tilskotet av attraksjonar i kommunen.

– Vi ser dette som eit framtidsretta tiltak for heile kommune. Det er jo eit kjempefint tilbod som gjer at folk kjem seg ut og verkeleg får trent seg, seier han idet han klivrar i veg i klatreparken.

Klatreparken i Valldal

Klatreparken ligg rett ved elva Valldøla, ikkje langt frå Gudbrandsjuvet.

Foto: Øyving Berge Sæbjørnsen / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL