Hopp til innhold

Sel lopper for å få medlemar tilbake til Noreg

Familien til to av medlemane vart sende til Kviterussland. No samlar Kristiansund Atletklubb inn pengar for å få dei tilbake til Noreg.

Loppemarknad i Kristiansund

Tusenvis av lopper ligg klare for sal i Kristiansund. Fyrste opningsdag stod mellom 150 og 200 personar i kø før det opna.

Foto: Stig Mortensen

Tore Løvik

«Glad og overraska» var ord Tore Løvik brukte om oppmøtet på loppemarknad i Kristiansund laurdag.

Foto: Roar Halten / NRK

Loppemarknad i Kristiansund

– Det har vore enormt med glas- og steinty, og enormt med møblar, seier Tore Løvik, om den store loppemarknaden.

Foto: Stig Mortensen
– I dag har det vore stinn brakke. Det har vore folk frå heile Møre og Romsdal, og det har vore god stemning, seier Tore Løvik. Han er økonomisk ansvarleg i Kristiansund Atletklubb (KAK), og ein av dei mange som står bak loppemarknaden denne helga.

– Det har vore både brød og sirkus, seier han.

Bakgrunnen for det heile er to av klubbens medlemar, som ikkje har fått opphald i Noreg. Dermed vart familien sendt til Kviterussland, fordi dei ikkje kunne returnere til heimlandet Tsjetsjenia.

– Hadde ikkje drøymt om så mange

– Pengane me får inn er øyremerkte til ei stilling for han i klubben, seier Løvik, som fortel at søknaden ligg inne hjå Utlendingsdirektoratet for å få 16-åringen tilbake til Noreg.

Økonomisk kan det vise seg å bli ein suksess. Allereie før dørene opna til loppemarknaden laurdag morgon, stod det nemleg mellom 150 og 200 personar i kø for å kome inn i marknadshallen.

– Me er offensive, men me hadde ikkje drøymt om at det skulle vere så mykje folk som dette, seier Løvik.

Arrangementet går over to dagar. Laurdag var om lag 50 personar i sving, med sal av lopper, mat og drikke, og henting av ting som må til for å få arrangementet til å gå rundt.

Sju veker sidan ideen dukka opp

Loppemarknad i Kristiansund

Sju bilar skal auksjonerast vekk i løpet av helga.

Foto: Roar Halten / NRK

Ein av samarbeidspartnarane til klubben auksjonerte laurdag vekk fem bruktbilar. Søndag held dei fram marknaden, mellom anna med auksjon av dei to siste bilane, og mange tusen lopper tilgjengeleg.

– Ideen er sju veker gamal, fortel Løvik.

Då vart det stilt spørsmål i klubben, om ikkje ein kunne få til ein loppemarknad for å få 16-åringen tilbake til Kristiansund. Sidan det har det gått i eitt.

– Enkelte personar har brukt kvar dag i fleire veker. Dei har teke fri frå jobb, det har vore enormt mykje arbeid, fortel Løvik.

Humanitær hjelp

Lopper har vore henta i fleire kommunar på Nordmøre, og då marknaden opna, var det folk innom frå heile fylket, meinte arrangøren.

– Enkelte seier at dei synst me gjer ein veldig god jobb for ein familie i stor naud. Dette er reint humanitær hjelp opp mot ein familie som treng det, seier Løvik.

Det er fyrste gong klubben arrangerer noko slikt, men det ligg an til å ikkje bli den siste. Med fullt hus fyrste timane laurdag, var Løvik allereie klar på at dei må gjenta loppemarknaden.

– Dette må bli ein tradisjon, det har me bestemt.