Hopp til innhold

Lokal Frp-politikar delte pro-russisk propagandag

Bystyrerepresentant Daniella Baarholm (Frp) i Ålesund har delt fleire pro-russiske innlegg på Facebook, skriv Nettavisen.

Baarholm sit også i styret til LO i Ålesund og Omegn.

Nyleg delte ho mellom anna ein video som skal vise kor mykje betre russisk-okkuperte Mariupol har blitt etter at Russland har begynt å bygge opp igjen byen dei har bomba og okkupert.

Baarholm seier til Nettavisen at ho har delt innlegga for å starte ein debatt, ikkje fordi ho nødvendigvis er enig. I ettertid er innlegga sletta.

Gruppeleiar Harald Tom Nesvik seier til avisa at Ålesund Frp er klokkeklar på at Russland har angripe Ukraina i ein angrepskrig som er fullstendig uakseptabel.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL