Hopp til innhold

Listhaug tilbake på heimgarden

– Det er kjekt å kome heim, seier landbruksminister Sylvi Listhaug. I dag vitjar ho heimkommunen for fyrste gong som statsråd.

Sylvi Listhaug på heimgarden

Landbruks- og matminister Sylvi Listhaug (Frp) besøkte tysdag heimgarden for fyrste gong som statsråd.

Foto: Trond Vestre / NRK

Sylvi Listhaug

Landbruksminister Sylvi Listhaug besøker heimkommunen Ørskog tysdag. Her i møte med ordførar Thorbjørn Fylling (Frp).

Foto: Trond Vestre / NRK

Det har ikkje mangla på merksemd kring den nye landbruksministeren frå Framstegspartiet. Det har storma rundt den ferske statsråden, med fleire kommentarar frå landbruksorganisasjonar, allereie før ho tok til i jobben.

Listhaug har i si fyrste veke varsla fritt sal av gardar , ho har fortalt at ho ikkje vil ta over heimgarden , og i tillegg skapt eit krav om at hennar kundar frå First House-tida kjem fram .

Odelsjenta frå Ørskog er i dag tilbake i heimkommunen, der ho møter ordføraren, og besøker garden der ho vaks opp.

– Eg var førebudd på masse styr, og det har det vore. Eg er mest fokusert på den oppgåva som ligg framfor meg, fordi det er viktig å modernisere og forenkle norsk landbruk, sa Listhaug tysdag ettermiddag.

Partifelle Thorbjørn Fylling tok i mot Listhaug på sitt kontor tysdag føremiddag. Der fortalde han at han var stolt av at Frp-kollegaen no er blitt statsråd.

– Eg har stor tru på landbrukets framtid, sa Fylling under møtet.

Vil la bøndene selje på open marknad

Sylvi Listhaug

Sylvi Listhaug vil la bønder selje til marknadspris. Saka står høgt på prioriteringslista.

Foto: Trond Vestre / NRK

Listhaug tok så turen til foreldra sin gard, der ho fortalde om si tilknyting til staden ho vaks opp.

– For mange som veks opp på ein gard får ein sterk tilknyting til staden dei vaks opp, enn andre. Men for dei som ikkje føler det, kan dei godt få moglegheit til å selje vidare, fortalde ho.

Det er nemleg noko av det fyrste ho vil ta tak i som ny statsråd. Folk som eig gardar skal ha same moglegheit som dei som eig hus eller leilegheiter for å selje til marknadspris, meiner ho.

– Eig du ein gard, kan i realiteten lokalpolitikarane i kommunen du bur i, overprøve det, og seie at du ikkje skal få så godt betalt som marknaden er villig til å gje. Det synst eg er feil.

Vil ikkje offentleggjere rådgjevingskundar

Listhaug kom rett frå nesten to år i rådgjevingsselskapet First House. Kven ho har gitt råd til der, vil ho ikkje gå ut med, trass i at det har kome krav frå fleire stortingspolitikarar om det.

– Eg høyrer det er mange som krev det. Men når eg starta i den jobben, så skreiv eg under på ein kontrakt der det stod at sjølv om eg slutta i First House, så kunne eg ikkje offentleggjere kundelister. Den avtalen er eg nøydd å halde meg til, seier ho.

Lista har ho levert til departementsråden, som ho håper skal hjelpe henne i dei sakene der ho må erklære seg inhabil. I tillegg vil ho gå til lovavdelinga i Justisdepartementet, dersom det er tvilstilfelle.

Presse og potetball

– Eg må vere veldig merksam, og handtere det på ein seriøs måte. Mine nesten to år i First House har lært meg veldig mykje, som kjem godt med i denne jobben, både når det gjeld strategisk tenking og når det gjeld kommunikasjon. Sånn at eg meiner det ikkje er negativt at eg har vore i den bransjen. Tvert om, så meiner eg at eg kjem tilbake som ein langt betre politikar etter å ha vore der i nesten to år, seier landbruks- og matministeren.

På besøk i heimkommunen fekk Listhaug fortelje både om kva ho vil jobbe med, og kor godt ho liker å vere heime, med pressefolk på slep.

– Det blir alltid mykje mat når ein er på Sunnmøre. I dag blir det potetball på garden, sa den ferske statsråden til dei frammøtte pressefolka i heimkommunen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL