Listhaug ønsker omkamp om Møreaksen

Frp-nestleiar og eldre- og folkehelseminister Sylvi Listhaug vil skrote det vedtekne vegprosjektet Møreaksen over Romsdalsfjorden, og erstatte det med alternativet Romsdalsaksen. Det skriv VG. Listhaug meiner Romsdalsaksen kan bli ei billigare løysing. – Det er heilt vanvitig, seier fylkesrepresentant Else-May Botten Norderhus (Ap) til avisa. Ho meiner statsråden skapar forvirring, og at utspelet set planane om ferjefri E39 i fare.

Møreaksen - hengebru
Foto: Rambøll