Hopp til innhold

Linda Eide minnast Keiko

Kjendiskvalen vert ein norsk attraksjon.

Linda Eide med ein Keiko-immitasjon
Foto: Kristin Helgeland Hauge / NRK

Keiko i Taknesbukta

I STORSLAG: Keiko i Taknesbukta.

Foto: JOHN MCCONNICO / AP

Spekkhoggaren Keiko vart verdsstjerne etter å ha spelt Willy i den første av dei tre amerikanske Free Willy-filmane.

Som pensjonist fann kvalen vegen til Halsa. Det gjorde etterkvart også både norsk og internasjonal presse. Keiko døydde av lungebetennelse 12. desember 2003.

Gravferdsagenten

Linda Eide og Jostein Glåmen

GRAVAREN: Jostein Glåmen gravla Keiko.

Foto: Kristin Helgeland Hauge / NRK

Gravemaskinførar Jostein Glåmen fekk oppdraget med å gravleggje kjendiskvalen, men dei amerikanske filmprodusentane ville ikkje ha noko oppstyr rundt det.

- Dermed måtte det skje midt på natta, så ikkje journalistane fekk det med seg, fortel han.

Skiltar minnerøys

Linda Eide minnast Keiko

MED PLASTKVAL: Linda Eide mimrar.

Foto: Kristin Helgeland Hauge / NRK

No vil Linda Eide i programmet Norsk attraksjon gjere litt stas på den avlidne filmstjerna.

I kveldens program vitjar ho Halsa og fortel historia om Keiko.

Der set ho opp skilt til minnerøysa etter den verdskjende spekkhoggaren.

Sjå innslaget her:

Linda Eide minnast Keiko