Landsmøte
Dagleg leiar i Handel og Kontor i Ålesund, Hanne-Lise Sørensen, var klar over at Lidl ville gjere dette, men synest talet er overraskande høgt.
Ho meiner Lidl istaden burde gi dei tilsette fast jobb.
I helga har det vore landsmøte i Handel og Kontor og Sørensen seier at den tyske daglegvarekjeda sitt inntog i Noreg så absolutt har vore eit tema.
Hanne-Lise Sørensen (Foto: NRK)
– Positiv dialog
Lidl har blitt møtt med mykje skepsis frå mange hald, og media har fortalt historier om brot på dei tilsette sine rettar i andre land. Men her i landet byrjar ting no å gå seg til før butikkane opnar.
Dialogen forbundet har hatt med Lidl i det siste har vore positiv, seier Sørensen.
– Dei har sagt at dei skal følgje det som er lov og reglar i Noreg, og då gjenstår det å sjå om dette stemmer. Vi er jo litt småskeptiske då, men vi trur på det dei seier – det er vi jo nesten nøydde til i utgangspunktet, seier Sørensen.
Vil følgje nøye med
Ho seier dei vil følgje nøye med framover på korleis dei tilsette blir behandla.
– Når verste opningsrushet har gitt seg vil vi ta ein tur og sjå om praksis og teori stemmer og prøve å få dei organisert, seier dagleg leiar i Handel og Kontor i Ålesund, Hanne-Lise Sørensen.