Spriten stammar frå det same partiet som har ført til at fem personar blei metanolforgifta.
Konstituert lensmann i Haram, Ove Finnes, er glad for at publikum leverer inn ulovleg sprit.
To personar sikta
To personar er sikta etter metanolforgiftinga i Haram denne uka. Dei to, ein mann frå Ørskog i 30-åra og ein mann i 50 åra frå Haram er begge avhøyrd av politiet. Onsdag gjennomførte politiet ei ransaking av boligane deira.
Det var førre torsdag at Ørskog-mannen kjøpte 20 liter ulovleg sprit frå ein mann på ferjekaia i Vestnes. Delar av denne spriten selde han vidare, og no er fem personar innlagt på sjukehus i Ålesund med metanolforgifting.
Kontakt på telefon
Mannen som selde den ulovlege spriten er førebels ikkje pågripe av politiet. Han kom frå Austlandet og Ørskog-mannen fekk kontakt med han på telefon.
I går blei det femte offeret for metanolforgiftingen lagt inn på sjukehuset i Ålesund. Alle fem har fått behandling og ligg no på medisinsk avdeling.
- Vi burde varsla publikum
Politiet visste at det var misbrukt metanol, utan at dei tok kontakt med media for å varsle publikum.
Dei vedgår no at dei burde varsla publikum om at det var metanol i omløp i Haram. Fem personar er dei siste dagane lagt inn på sjukehus med alvorleg metanolforgiftning.
Kåre Hanken
Stabssjef ved Sunnmøre politidistrikt, Kåre Hanken, seier seg lei for at publikum ikkje blei varsla.
Lovar betring
- Vi skulle ha ringt og sagt frå om at slik drikkevare er på ville vegar i distriktet, seier Hanken.
Han seier at dei alltid har eit mål om å forbetre seg, og han trur ein slik situasjon vil bli handtert på ein langt betre måte dersom det skulle skje igjen.
Framleis ved medisinsk avdeling
Tilstanden til dei fem personane som er innlagde med metanolforgiftning ved Ålesund sjukehus er så langt tilfredstillande.
Dei fem pasientane blir framleis liggande ved medisinsk avdeling, men ein eller fleire kan bli utskrivne i morgon.
Resten blir truleg verande til over helga, men situasjonen er stabil, seier avdelingsoverlege Odd Roe Skogen ved Ålesund sjukehus.
Det er enno for tidlig å seie om nokon får varige skader som følge av metanolforgiftinga.