Hopp til innhold

Lettare skadde i frontkollisjon

To personar er lettare skadde i ein kollisjon i Rindal om lag klokka 16.45.

Personane køyrde kvar sin bil som kolliderte nærmast front mot front. Kollisjonen var så hard at begge bilane miste eit framhjul kvar.

Brannvesenet, politiet og ambulansen har vore på staden.